www.sogndal.vgs.no

Klage på standpunktkarakter

Eleven kan klage på alle karakterar som skal førast på vitnemålet, dvs standpunktkarakterar, orden og åtferdskarakterar og eksamenskarakterar. For klage på eksamenskarakterar, sjå under punktet Eksamen.

Klagefrist

I følgje forskrift til opplæringslova § 5-5 er det ti dagar klagefrist på standpunktkarakter. Fristen reknast frå det tidspunktet klagar er blitt kjend med eller burde gjort seg kjend med karakteren.

Meir om klage på vurdering i kapittel 5 i opplæringslova.

Kva kan du klage på

Du kan klage på måten standpunktkarakteren din er sett på, IKKJE om du synes faglærar har vore streng med karakteren. Det vil seie at du kan klage viss du

  • ikkje har fått vete kva kompetansemåla er
  • ikkje veit kva for vurderingskriterium som er brukte
  • ikkje har fått fagsamtale
  • ikkje fått framoverpeik og fått vete korleis du kan forbetre deg
  • ikkje blitt vurdert på eit breitt grunnlag
  • ikkje hatt eigenvurdering

Viss du vurdere å klage, bør du snakke med faglærar først for å gå igjennom grunnlaget for karaktersetjinga  med faglærar.

Innsending av klage

Viss du vil klage, nytter du skjema i høgremenyen. Klagen sendast til rektor, anten på mail eller i posten.

Resultat av klage

Faglærar og rektor skal skrive ein uttale basert på klagen. Klagen behandlast av Fylkesmannen. Resultatet på klagen er endeleg. Viss du får medhald, skal faglærar og rektor setje karakteren på nytt. Viss du ikkje får medhald, oppretthaldast karakteren.

Eventuell oppmelding til privatisteksamen:

Viss karakteren blir uendra og du ikkje er nøgd med den, kan du ta faget som privatist. Dette gjer du på PrivatistWeb.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Dersom du har spørsmål som gjeld klage på standpunktkarakter, ta kontakt med rektor på skulen.

Relaterte lenker