Foto av ein student som sit ved ei datamaskin og skriv i ei notatblokk på bordet framfor seg. Vi ser personen over skuldra.

Foto: pixabay.com

Klimastipend og tilskot til masteroppgåver

Målgruppe: Masterstudentar, lærarar og planleggarar.

Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt klimastipend er på totalt 100.000 kr.
Det tildelast 5.000 kr per person.

Kvifor klimastipend?

Klimakunnskap og klimakommunikasjon er eit prioritert tema i Regional plan for klimaomstilling. Sogn og Fjordane vil bidra til utdanning av ein nullutsleppsgenerasjon og auke kunnskapen i befolkninga.

Det er eit mål at alle som har gått i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule i Sogn og Fjordane har god kunnskap om klimaendringane og korleis ein kan bidra til klimaomstilling (sjå plandel M22). Vidare er det eit mål at planmyndigheitene tek omsyn til klimasårbarheit og klimatilpassing i all lokal og regional arealplanlegging (sjå plandel M9.1).

Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt klimastipend skal stimulere til etter- og vidareutdanning, samt ny kompetanse innan klima, energi og miljø.

Formålet er å:

  • auke kompetansen knytt til klimaomstilling, klimakunnskap og utvikling av betre klimatiltak.

  • auke tal masteroppgåver som tar for seg klima- og miljøspørsmål med særleg relevans for Vestlandet.

  • auke tal lærarar som tek vidareutdanning i naturfag, med vekt på klima, energi og miljø.

  • lærarar får ny kompetanse til å utvikle eigne utdanningsopplegg med klima og berekraftig utvikling som tema.

  • planleggarar i kommunane får utvikle sin kompetanse til å jobbe med klimaomstilling og klimatilpassing i kommunal planlegging.

Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt klimastipend blei oppretta for å oppmode lærarar og planleggarar til å ta vidareutdanninga gjennom Høgskulen på Vestlandet, eller tilsvarande relevante utdanningsinstitusjonar. Stipendet skulle gjere det mogeleg å gjennomføre studiet med eit økonomisk tilskot. I dag kan ein søke stipend til alle relevante etter- og vidareutdanningar rundt om i landet.

Korleis søke:

Lærarar/planleggarar med arbeidsplass i fylket kan søke fylkeskommunen sitt klimastipend når dei har søkt på studiet.

Slik går du fram:

  1. Søk på vidareutdanninga.
  2. Søk til Sogn og Fjordane fylkeskommune om klimastipend. Søknad sendast til Sogn og Fjordane fylkeskommune via eDialog, og merkast med «Søknad om klimastipend – ved klimakoordinator». Søknaden skal innehalde: Namn, adresse, arbeidsplass, studiestad, studielengd, studiepoeng, nivå/grad, opptakskrav, studiekode og studieplan.
  3. Søknaden vert handsama, og du får svar.
  4. Fullfør eksamen.
  5. Send inn kopi av vitnemål til Sogn og Fjordane fylkeskommune.
  6. Få utbetalt 5000 kr.

Masterstudentar som skriv masteroppgåve som tek for seg klima- og miljøspørsmål med særleg relevans for Vestlandet kan søke om fylkeskommunen sitt klimastipend.

Slik går du fram:

  1. Søk til Sogn og Fjordane fylkeskommune om klimastipend. Søknad sendast til Sogn og Fjordane fylkeskommune via eDialog, og merkast med «Søknad om klimastipend – ved klimakoordinator». Søknaden skal innehalde: Namn, adresse, arbeidsplass, studiestad, studielengd, studiepoeng, nivå/grad, opptakskrav, studiekode og studieplan.
  2. Søknaden vert handsama, og du får svar. 
  3. Fullfør eksamen.
  4. Send inn kopi av vitnemål og oppsummering (maks 2 sider) frå masteroppgåva til Sogn og Fjordane fylkeskommune. 
  5. Få utbetalt 5000 kr.

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ida-Beate Mølmesdal
Rådgjevar, klima og miljø
Ida-Beate.Molmesdal@sfj.no
476 04 557

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven