Foto av tre kokk- og servitørelevar ved Måløy vidaregåande skule, to gutar og ei jente. To av dei er kledd i kokkejakkar og kokkelue, den tredje - eine guten - er kledd i dongeriskjorte.

Johanna Magdeli Pettersson Utvær, Eduard Gabriel Gorun og Sander Øen Omberg skal representere Måløy vidaregåande skule i finalen i Tine Matcup.

Kokkeelevar til finalen i nasjonal konkurranse

Det starta med 60 lag. No er laget Kystfolk med elevar frå Måløy vidaregåande skule eitt av seks lag som skal konkurrere i finalen i Tine Matcup 26. januar.

Semifinalen gjekk av stabelen i Tromsø tidleg i desember i fjor. Sidan då har dei tre Måløy-elevane Johanna Magdeli Pettersson Utvær, Eduard Gabriel Gorun og Sander Øen Omberg brukt tida til å førebu seg til finalen.

– Vi har brukt mange kjøkentimar på skulen og mykje tid på fritida på å finne ut kva vi skal lage og terpe på å få ting til å gå raskare. Vi har ein avansert meny og ikkje mykje tid å gå på i konkurransen, fortel Sander Øen Omberg.

Avansert meny

I finalen skal dei lage og servere denne menyen:

Forrett

Nøttepanert torskerygg, raudbet i variasjon, bakt sellerirot, sellerirotpuré og urteolje.

Hovudrett

Heilsteikt lammesadel, glasert gulrot, sylta løk, pannesteikt sopp, emulsjonssaus med rosmarin og rosmarinskum og krokettkuler.

Dessert

Solbærsufflé, brunost-is toppa med karamellisert brunost, tørka solbær og salt karamellsaus med gudbrandsdalsost.

Omberg og dei andre elevane ser fram til finaledagen, men er også spente.

– Det blir både kjekt, spennande og stressande. Det er veldig annleis enn på kjøkenet på skulen. I konkurransen har vi dommarar som går rundt og følgjer med på oss. Det kan vere veldig stressande, seier han.

Stolt lærar og lagleiar

Lagleiar og lærar på Måløy vidaregåande skule, Bente Vonheim, er stolt over elevane og ser fram til å følgje dei gjennom finalen i Stavanger.

– Dette er ein landsdekkande konkurranse og den største konkurransen for elevar i dette faget. At elevane frå skulen vår har kome så langt er kjekt for heile skulen, og eg gledar meg til sjå kor langt denne gjengen kan kome i finalen, seier Vonheim.

Tine Matcup blir arrangert av Tine og Norges Kokkemesteres Landsforening.

For meir informasjon

Sander Øen Omberg
908 13 599

Bente Iren Vonheim
bente.iren.vonheim@sfj.no
913 98 091

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00