www.sogndal.vgs.no

Konsekvensar for eleven og varsling

Her finn du mal for førehandsvarsling til elevar om at det ikkje vert gjeve standpunktvurdering. Du finn også skjema til bruk for å søke om sletting av fråvær etter tidagarsregelen.

Konsekvens

Elevar som har over 10% fråvær kan ikkje få karakter i eit fag. Faglærar har altså ikkje høve til å sette karakter i fag der eleven har over 10% fråvær. Er det dokumentert at fråvær skuldast grunnane i §3-47 a til f, er organisert studiearbeid, skoleadministrative gjeremål eller religiøs høytid, skal dette ikkje telje med ved utrekning av fråværsprosent. Skulearena har verktøy for å handtere dette.

Varsling

Faglærar sender ut varsel når eleven nærmar seg 10% fråvær i eit fag. NB: Likevel om fråvær blir dokumentert, og til dømes ikkje skal telje med ved utrekning av fråværsprosent - så må læraren også ha eit fagleg grunnlag for å kunne sette fagkarakterar.

Fritak etter 10 dagars regelen

Elevar kan søkje frådrag for fråvær opp til ti dagar som kjem under reglane i §3-47, forskrift til opplæringslova. Her finn du kravskjema som du skal bruke for å søkje fritak.

Tips ein ven Skriv ut

Dokument