Sogndal vidaregåande skule/Eid vidaregåande skule/Elev og føresett/Reglar og rutinar/Fråvær/Kontakt skulen ved fråvær

Kontakt skulen ved fråvær

Gjeld for elevar og føresette. Unntak: Ved alvorleg sjukdom, brot og sårskadar skal ein oppsøke lege same dag, og gi melding til skulen.

Skulen sitt helsetilbod – vurdering av helsetilstand/dokumentasjon/melding

For annan sjukdom har elevar ved vgs. eit gratis helsetilbod gjennom Helsesøster og helsestasjon for ungdom. Eleven kan:

  • få vurdert helsetilstand av helsesøster, og eventuelt få dokumentasjon på tilrettelegging av skuledagen eller dokumentasjon på  sjukefråvær.
  • bli sendt vidare til lege om dette likevel er vurdert som naudsynt.
  • eller bli sendt heim som "sjukemeld" for dagen

I nokre tilfelle kan vurdering av helsetilstand/dokumentasjon/meldast over telefon:

  • elevar over 18 år som er kronikarar, og føresette til kronikarar under 18 år, som skal melde inn dagsfråvær for eleven. Uansett krevst det  legeattest for skuleåret.
  • elevar over 18 / føresette til elevar under 18, med oppkast/diare som skal melde inn dagsfråvær for eleven.

Fråvær dokumentert av andre skal meldast kontaktlærar same dag.

Elevar som skal skaffe seg dokumentasjon på sjukdomsfråvær frå primærhelsetenesta i heimkommunen / fastlege eller frå spesialhelsetenesta skal melde sjukdomsfråvær som vanleg til skulen/kontaktlærar.

Særleg for elevar med lang dagleg reisetid til skulen:

Gratistilbodet om dokumentasjon på tilrettelegging av skuledagen eller dokumentasjon på sjukefråvær får ein ved personleg oppmøte på skulen. Om du av praktiske årsakar ikkje kan nytte deg av dette kan du oppsøke helsetenestetilbod som ligg nærare.

Tips ein ven Skriv ut