Viking ungdomshus i Førde kommune.

Viking ungdomshus i Førde kommune. Foto: Huset i bygda.

Kulturbygg

Tilskot frå den desentralisert ordninga for tilskot til kulturbygg skal bidra til egna lokale, bygningar og utearenaer som gjev rom for ulik kulturell verksemd.

Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygning, men ikkje til vedlikehald eller drift.

Søknadar om tilskot frå ordninga skal sendast inn elektronisk, og via kommunen der lokalet ligg. Ta kontakt med din kommune for informasjon om den lokale søknadsfristen. 

Justerte retningsliner for ordninga vart vedteke av hovudutval for næring og kultur i møte 25.10.2016, sak 87/16.

Dokument

Søknadsskjema

  • Søknadar sendast elektronisk via www.anleggsregisteret.no, følg lenka ovanfor. 
     
  • I søknadsskjemaet skal ein registere kva organisasjon søknaden gjeld for, kva anlegg ein søkjer om tilskot til, og kva tiltak ein skal gjennomføre. For å kunne sende inn ein søknad på vegne av ein organisasjon, må organisasjonen være registrert i Enhetsregisteret. Det vil seie at organisasjonen må ha eit organisasjonsnummer.
     
  • Det er også nødvendig at anlegget er registrert i anleggsregisteret av kommunen. Kvar organisasjon må ta kontakt med kommunen der anlegget ligg for å få anlegget oppført i registeret. Dersom organisasjon og anlegg er kopla korrekt i anleggsregisteret  vil søkjar få opp ei liste over sine anlegg når dei fyller ut søknaden. Difor er det i utgangspunktet ikkje naudsynt å søkje opp sitt eget anlegg.

Søknadsfrist

Kommunane skal overføre søknadar frå sin kommune til Sogn og Fjordane fylkeskommune innan 30. april kvart år. Kommunane bestemmer sine eigne søknadsfristar.

Løyvingar

Andre tilskotsordningar

Sparebankstiftinga har i 2016 og 2017 hatt ein eiga søknadsordning for lokale kulturbygg, for søknadar om bygningsmessige tiltak. Du meir informasjon om ordninga kan du finne på Sparebankstiftinga sine nettsider eller ved å ta kontakt med Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga, tlf. 911 58 009.

Les meir om samarbeidet.

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Guro Høyvik
Rådgjevar
guro.hoyvik@sfj.no
415 30 608

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven