www.sogndal.vgs.no

Elevarbeid - Kunst, design og arkitektur

Kunst, design og arkitektur - studieførebuande utdanningsprogram

Frå og med hausten 2016 blir programområdet "Studiespesialisering med formgjevingsfag" endra til "Kunst, design og arkitektur".

Er du interessert i å male, teikne eller skape noko med hendene? Og ønskjer du samstundes å få studiekompetanse slik at du kan komme inn på høgskular og universitet? I så fall kan Kunst, design og arkitektur (KDA) vere det rette for deg. 

Namnet på programområdet skildrar godt det du vil få arbeide med: Kunst (teikning, maling, skulptur, installasjonar m.m), Design (grafisk design, layout, produktdesign, industridesign m.m), og Arkitektur (3D-teikneprogram, perspektivteikning, bygge modellar av bygningar/hus, interiør m.m). Programområdet er studieførebuande. Hafstad vgs tilbyr følgjande:

VG1 Kunst, design og arkitektur (KDA) hausten 2016-17

VG2 Studiespesialiserande med formgjevingsfag, hausten 2016-17

VG2 Kunst, design og arkitektur (KDA), hausten 2017-18

VG3 Studiespesialiserande med formgjevingsfag, hausten 2017-18

VG3 Kunst, design og arkitektur (KDA), hausten 2018-19

Hafstad vgs ligg sentralt til i Førde, og skulen er vakkert plassert like ved elva. Det er inntil 30 elevar i klassane, men i fleire programfagtimar blir klassen delt i grupper på 15. I kroppsøving og i dei fleste av programfagtimane er klassen i Førdehuset. I Førdehuset er det gode verkstader og lokale til å arbeide med kreative fag. KDA-klassane vil også ha sine eigne klasserom på Hafstad vgs., der det meste av undervisninga i fellesfag vil vere.

Elevarbeid grunnriss.jpgOver: Interiørteikning/elevarbeid av Joanna frå 3sfa. Oppgåve med faglærar Grete Huus

FILM om Kunst, design og arkitektur ved Hafstad vgs

BLOGG for Kunst, design og arkitektur ved Hafstad vgs, med informasjon og bilete av elevar- og elevarbeid frå programområdet.

2sfa Karikatur og maleri.jpg

Over: Karikaturteikningar og maleri - av elevar på formgjevingsfag vg3. Foto: Wenche Steinsvik

 

vilbli.no står følgande informasjon om Kunst, design og arkitektur:

Du lærer

  • å teikne
  • utforming av gjenstandar i ulike materiale
  • å vidareutvikle dine kreative evner
  • om kunst og kultur
  • om stad- og byutvikling
  • teoretiske fag

3sfa Keramikk.jpg

Over: Elevar på formgjevingsfag arbeider med kullteikningar. Foto: Wenche Steinsvik

Du bør vere

  • glad i å teikne
  • kreativ
  • interessert i design, form og farge
  • opptatt av estetikk
  • interessert i å skape noko

2sfa sykkelprosjekt2.jpg

Over: Elevar på formgjevingsfag arbeider med installasjonar. Foto: Mona Fossdal

Du oppnår                               

  • studiekompetanse og kan ta høgare utdanning

Viss du tek høgare utdanning, kan du blant anna bli

  • arkitekt, landskapsarkitekt eller interiørarkitekt
  • produktdesignar, industridesignar eller grafisk designar
  • kunst- og kulturformidlar, kurator eller kunstnar
    Du kan også utdanne deg til andre yrke – med generell studiekompetanse kan du søke dei fleste studium ved høgskular og universitet.   

Joakim Julia og Joanna.jpg

Over: Elevar på formgjevingsfag arbeider med kullteikningar. Foto: Mona Fossdal

Arbeidsstadar kan vere

  • arkitektkontor eller bygg- og entreprenørbedrifter
  • produksjonsbedrifter eller designbyrå
  • museum, galleri eller kunstnaratelier

2sfa sykkelprosjekt1.jpg

Over: Sykkelinstallasjon laga av elevar på formgjevingsfag v. Hafstad vgs. Foto: Mona Fossdal

Opptakskrav til høgare utdanning 

Med generell studiekompeanse kan du søke dei fleste studium ved høgskular og universitet. Men nokre studium har særskilte opptakskrav:

  • Opptaksprøver: Mange arkitektur- og kunstfaglege studium krev ein praktisk opptaksprøve. Med kunst, design og arkitektur får du eit godt grunnlag for å gjennomføre slike opptaksprøvar.
  • Realfagskrav: Nokre studium krev at du har visse realfag. Døme på slike studium er ingeniør-, realfags- og medisinske studium og arkitektur ved NTNU. Du finn opptakskrava til høgskule- og universitetsstudium på samordnaopptak.no. På kunst, design og arkitektur kan det vere vanskeleg å få plass på timeplanen til å velje alle dei realfaga du vil trenge. Sjekk med skulen din om dei kan tilby deg dei realfaga du ønskjer å ta.

SF keramikk.jpg

Over: Koppar laga av elevar på formgjevingsfag. Faglærar Svein Myklebust. Foto: Mona Fossdal

Val av fag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur

  • Tre programfag kan du velje sjølv, eitt på Vg2 og to på Vg3.
    • Dei valfrie programfaga kan vere vidare spesialisering innan
      kunst, design og arkitektur og/eller fag frå eit anna programområde i studieførebuande utdanningsprogram (til dømes realfag eller framandspråk).
    • Det er opp til skulen din kva slags programfag som blir tilbydd.
    • Hadde du ikkje framandspråk på ungdomstrinnet? Då må du ta framanspråk som fellesfag på Vg3 istadenfor det valfrie programfaget på Vg3.
  • Har du særskilte framtidsdraumar? Då bør du sjekke opptakskrava til studia, før du vel fag.
  • Programfag i framandspråk og realfag gir tilleggspoeng ved opptak til høgare utdanning.

3sfa 50tals design.jpg

Over: Menydesign laga av elevar på formgjevingsfag vg3 ved Hafstad vgs. Foto: Mona Fossdal

Formgjevingsfag i utdanningsprogram for studiespesialisering (gammel ordning)

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Mona svhv 5.jpg

Mona Fossdal

Opplæringsleiar for medium og kommunikasjon, og for kunst, design og arkitektur

mona.fossdal@sfj.no

57 63 75 71 / 959 67 738

 

Samlingsstyrarar:

Wenche Steinsvik:

57 63 75 77 / 948 48 600

Svein Myklebust:

57 63 75 76 / 905 21 236

 

Informasjon:

BLOGG for KDA

Informasjonsfilm om KDA