Sogndal vidaregåande skule/Elev og føresett/Elevtenester/Bibliotek/Læremiddel

Læremiddel

Elevar på Sogndal vidaregåande skule får låna gratis læremiddel frå skulen.

Som lånar av læremiddel har eleven følgjande ansvar:

  • Læremiddelet må takast vare på slik at det blir levert attende i god stand når skuleåret er slutt.
  • Ein kan ikkje bruke tusj, markeringspenn eller liknande som ikkje let seg fjerne, i bøkene. Men eleven kan skrive namnet sitt på innsida av bokpermen, noko vi oppmodar om sidan det vert lettare å halde orden på bøkene.
  • Viss bøkene på ein eller annan måte blir skada eller kjem bort, anten det er i eller utanfor skulen er eleven erstatningspliktig.

Innlevering:

Når bøkene skal leverast inn att, må eleven syte for at rett eksemplar av den enkelte boka blir levert.
 
Leveringa skjer på skulebiblioteket.
 
Læremiddelet må leverast innan den datoen som skulen har satt som siste leveringsfrist.
Bøker som ikkje blir levert innan denne fristen eller som blir levert etter fristen, blir fakturert.

Generelt:

Viss ein finn bøker etterlatt på skåp, i gangar eller i klasserom, må dette leverast bibliotekar.
Elevar må ikkje ta bøker som kan vere andre elevar sine!

Punkta ovanfor her er ansvarsforhold som fylkeskommunen har vedteke i «Avtale om vilkår for utlån av lærebøker og plikter som lånetakar». Sjå dessutan kontrakt for læremiddel:

Kontrakt læremiddel 2016/2017

Privatistar:

Viss du alt er elev ved Sogndal vgs, får du låne læremiddel viss du tek fag som privatist. Viss du nettopp har teke avsluttande eksamen ved Sogndal vgs, og som du ønskjer å ta opp på nytt, får du normalt låne læremiddel til det frå skulen.

Om du er privatist som ikkje er elev ved skulen eller hospitant som følgjer undervisninga ved skulen, kan du dessverre ikkje låne lærebøker frå Sogndal vgs! Sogndal vgs pliktar berre å låne ut læremiddel til eigne elevar.

Viss du ikkje er elev ved Sogndal vgs, er nok det beste alternativet å kjøpe bøkene sjølv (for eksempel brukt). Lærebøker eller pensumbøker kan ofte vere vanskeleg å få låne frå bibliotek, sidan desse bøkene er forbehaldne elevar eller studentar ved utdanningsinstitusjonar.

Tips ein ven Skriv ut