Valvake 2017, foto - Ole Johnny Devik

Lærerikt, kjekt og litt skummelt på valvake

Stig Oskar Naustdalslid og Hilde Gunn Bråstad, som er medieelevar i tredje klasse på Hafstad vidaregåande skule, fekk vere med på valvake 11. september i Førde, saman med politikarar og mediefolk.

Tekst: Tobias Dyregrov

Valvake hausten 2017Over: Valvake. Foto - Ole Johnny Devik

-Det var både spennande og lærerikt, men også litt skummelt. Det var livestream og vi såg oss sjølve på storskjerm og på bilete i media, fortel Hilde Gunn. Men dei to elevane var ikkje på valvake for å observere, dei var på jobb og hadde ein hektisk kveld. Utstyrt med kamera skulle dei to elevane fange stemninga utover kvelden, etterkvart som valresultat kom inn. Etter vanleg skuledag, hadde dei to elevane ein lang og travel kveld, som begynte klokka sju med møte på NRK og fortsette i valvake fram til halv eitt på natta. På valvaken var det viktig å sjå kva som gjekk føre seg til ei kvar tid.

Portrettfoto av Stig Oskar L. Naustdalslid og Hilde Gunn BråstadOver: Stig Oskar L. Naustdalslid og Hilde Gunn Bråstad

-Det var mykje følelsar. Vårt oppdrag var å ta bilete av ulike reaksjonar hos folk.
Fange øyeblikk og stemning ved å gå rundt å ta bilete av dei det gjaldt, forklarer Stig Oskar.

Vi fekk med alle følelsane som var der, frå gledestårer til skuffelse, legg han til. Hilde Gunn fortel at nokre av politikarane sang når dei vart glade, men at stemninga skifta fort. Då gjaldt det å vere på rett plass der nokon andre jubla. Det var litt stressande også, for vi måtte springe rundt heile tida, forklarer Hilde Gunn.

Mykje læring

Læringsutbyttet er høgt for begge dei to tredjeklassingane.

-Eg har blant anna lært mykje om å bruk av linse. Eg brukte også eit nytt kamera og lærte noko ny teknikk, seier Stig Oskar.
Eg lærte blant anna litt om lys og andre lysforhold enn vi vanlegvis jobbar med, og om kameraposisjonar, seier Hilde Gunn.
I tillegg til det faglege, sette elevane også pris på fordelar som føl med på eit slikt arrangement.

-Vi fekk mat der, mellom anna veldig gode lappar! Og vi får avspassere seinare, legg dei til med eit smil.

-Å delta på valvake annakvart år er ein del av opplæringa for tredjeklassingane på Medium og kommunikasjon, som vi har i samarbeid med NRK Sogn og Fjordane, fortel faglærar Ole Johnny Devik. Elevane får møte NRK-journalistar og dei har ei fotooppgåve som dei skal utføre. På valvaken er det samla mange politikarar og mediefolk, noko som også er interessant for elevane å oppleve. Fotooppdraget skal resultere i ein reportasje til innlevering.

-Dette har vore eit fast opplegg for medieelevane gjennom fleire valår, der NRK Sogn og Fjordane er ein svært god samarbeidspart for oss, understrekar Ole Johnny Devik.

Elevane har sidan skulestart jobba med tema politikk og fått kunnskap, både knytt opp mot eige val og innsikt i mediedekning av stortingsvalet. Tysdag 29. august var alle elevane på Hafstad vidaregåande skule samla til paneldebatt i Førdehuset. Ungdomsrepresentantane frå ti ulike parti deltok i panelet, der dei mellom anna diskuterte fråværsgrensa og skulepolitikk, miljø og kommunesamanslåing. Veka etter var det skuleval, der alle Hafstadelevane hadde høve til å røyste. 

Tips ein ven Skriv ut