Hafstad vgs, foto - Mona Fossdal

Hafstad vgs, foto - Mona Fossdal

Ledige undervisnings-stillingar, og stilling som opplæringsleiar

Frå 1.08.2017 er det ledige undervisningsstillingar ved Hafstad vgs innan programområdet kunst, design og arkitektur, og i faga matematikk, naturfag, kroppsøving, sosialkunnskap, historie, norsk og geografi. Det blir også lyst ut ein stilling som opplæringsleiar for realfag, kroppsøving og økonomiske fag. Søknadsfrist for stillingane er: 7.04. Klikk på tittelen for meir informasjon.

Hafstad vidaregåande skule held til i eit moderne og spennande skulebygg, vakkert plassert ved elva Jølstra i Førde sentrum. Skulen har 75 tilsette og omlag 500 elevar. Skulen tilbyr Studiespesialiserande utdanningsprogram, Kunst, design og arkitektur, Medium og kommunikasjon og nettbasert vaksenopplæring. Hafstad vidaregåande skule er ein av tre eksamensskular i Sogn og Fjordane. Skulen legg stor vekt på eit godt læringsmiljø og eit stimulerande og rikt fellesskap for elevar og tilsette.

 

UNDERVISNINGSSTILLINGAR

Frå 01.08.2017 har vi leding følgjande undervisningsstillingar;

  • Inntil 100% fast stilling i programfag på utdanningsprogram kunst, design og arkitektur, med atterhald om overgang til anna stilling. Her bør søkjar ha minimum bachelorgrad innan kunst- eller formgjevingsfag. I tillegg bør søkjar ha undervisningserfaring i kunst- eller formgjevingsfag frå vidaregåande skule, meistre tradisjonelle teknikkar innan kunst- og formgjevingsfag, og ha kompetanse innan digitale visuelle teknikkar, som til dømes bruk av digitale teiknebrett, digital biletbehandling og bruk av Photoshop/Adobe-program etc.

  • 100% fast stilling i matematikk og naturfag, der opplæring av vaksne kan bli lagt til stillinga.

  • Inntil 50% vikariat i kroppsøving.

  • Inntil 150% fast stilling i sosialkunnskap, historie, norsk og geografi.

 

For alle stillingar ynskjer vi personar som;

  • har gjennomført praktisk pedagogisk utdanning (PPU)  eller har starta på slik utdanning

  • har evne til å bygge gode relasjonar med elevar og kollegaer

  • er kreativ og kan jobbe sjølvstendig

  • har evne til samarbeid og deling

  • er motivert for å vere med å drive undervisningsmetodar framover med fokus på elevane sitt læringsutbytte

  • ser verdien av kollektiv læring og utvikling

  • bidreg til å nå lokale, fylkeskommunale og statlege målsettingar og føringar

     

Det er ynskjeleg med utdanning og/eller erfaring innan spesialpedagogikk, og erfaring med undervisning av framandspråklege elevar.

 

For stillingane gjeld:

  • Løn etter gjeldane regulativ

  • Vanlege fylkeskommunale tilsetjingsvilkår

  • Prøvetid på 6 månader

  • Politiattest av nyare dato ved tilsetjing

  • Refusjon av flytteutgifter etter gjeldande regler

Attesterte kopiar av vitnemål og attestar skal leggjast fram ved eventuelt intervju.

Stillingane vert utlyst med atterhald om at tilsette i Sogn og Fjordane Fylkeskommune kan ha førerett til stillingane.

Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte rektor Nina Bygstad, tlf. 95 08 69 10.

Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk via link på www.sfj.no under ledige stillingar.

Søknadsfrist: 07.04.2017

 

OPPLÆRINGSLEIAR / AVDELINGSLEIAR

Vi har ledig 100% stilling som opplæringsleiar for realfag, kroppsøving og økonomiske fag frå 01.08.17. Leiingsressursen utgjer i dag ca. 55% kombinert med ca. 45% undervisning.

Som opplæringsleiar  er du ein del av leiarteamet ved skulen saman med rektor, pedagogisk leiar, administrativ leiar og to andre opplæringsleiarar. Vi ser det som viktig å  jobbe som eit team der vi utfyller kvarandre. Det blir lagt vekt på god samhandling med alle partar i skulekvardagen for å bygge tillit.

Stillinga omfattar ansvar for fagleg og pedagogisk arbeid og utvikling, planlegging og personalleiing på område for realfag, kroppsøving og økonomiske fag.

I tillegg til fagleg bakgrunn vil det bli lagt stor vekt på relevant erfaring og personlege eigenskapar. Vi søkjer ein person som er motivert for å vere med å drive skulen framover med fokus på elevane sitt læringsutbytte. Du må sjå verdien av kollektiv læring og utvikling bygd på forsking. Evne til å bygge god relasjonar  gjennom «tett – på –leiing» er eit viktig satsingsområde.

Kompetanse og erfaring:

  • Undervisningskompetanse i realfag, kroppsøving eller økonomiske fag

  • Undervisning i vidaregåande skule

  • Pedagogisk utviklingsarbeid

 

Personlege eigenskapar:

  • Evne til samarbeid og samhandling

  • Evne til å bygge gode relasjonar og tillit

  • Evne til problemløysing og ta vanskelege avgjerd

  • Evne og pågangsmot til å drive systematisk kollektiv kompetanseutvikling.

  • Evne til å motivere og skape entusiasme for å nå lokale, fylkeskommunale og statlege målsettingar og føringar.

 

Nærare opplysningar om stillingane får ein ved å kontakte rektor Nina Bygstad, tlf. 950 86 910.

 

Vi kan tilby:

  • Løn etter avtale

  • 6 månader prøvetid

  • Vanlege fylkeskommunale tilsetjingsvilkår

  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår

  • Hjelp med å skaffe bustad

  • Dekking av flytteutgifter etter nærare reglar

     

Arbeidsavtale blir signert etter at det er lagt fram tilfredsstillande politiattest.

Attesterte kopiar av vitnemål og attestar vert å leggje fram ved eventuelt intervju.

Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk via link på www.sfj.no under ledige stillingar.

Søknadsfrist:  07.04.2017.

Tips ein ven Skriv ut