Foto: Steve Snodgrass/www.flickr.com
Likestillingsutvalet har det overordna ansvaret for arbeidet med likestilling, likeverd og mangfald i fylkeskommunen.
Sogn og Fjordane fylkeskommune har eit mål om at medarbeidarane og brukarane skal oppleve fylkeskommunen som ei verksemd som prioriterer og verdset likestilling, likeverd og mangfald.
Fylkeskommunen har etter kommunelova ansvar for å gjere greie for den faktiske tilstanden når det gjeld likestilling i organisasjonen. Vi skal òg gjere greie for tiltak som er sette i verk og er planlagde for å fremje likestilling og hindre forskjellsbehandling i strid med likestillingslova.
Likestillingsutvalet er sett saman av politikarane i fylkesutvalet.