www.sogndal.vgs.no

MK_PCellerMAC

Litt om datamaskin for medium og kommunikasjon (MK)

Det er mange som lurer på om ein må ha MAC for å gå på MK ved Sogndal vgs. Svaret er at det spelar inga rolle om elevane har PC eller MAC.

Tekst/ illustrasjon: Per Henning Olsen

-       Kor kraftig må den vere?

 

På MK bruker me programvare som verktøy for å behandle innhaldet som skal ut til forskjellige mediekanalar (film, radio, web, trykk, design og multimediale produkt). Difor må maskina vere kraftig nok til å behandle store filer. Den største utfordringa for maskina er FILM. Den må kunne jobbe med fleire videospor og effektar i same dokument. Så difor er det litt opp til deg sjølv om kor mykje pengar du ønskjer å legge i prosessor og RAM.

 

TIPS:

 

Oppløysing skjerm: 1920 X 1080 som er Full HD

Skjermkort: spør seljar om dette (hvis du kjøper mac er skjermkortet godt nok). Sei at det skal brukast til filmredigering.

RAM: Min 4GB, helst 8GB (gjerne meir hvis du brenn for filmproduksjon)

Prosessor: i5 (gjerne i7 hvis du brenn for filmproduksjon)

Lagringsplass: Du treng ca 70 - 80 GB til programvare. Deretter blir det mykje lagring av råmateriale som tek MYKJE plass. Softwara gjer ein del autolagring undervegs som tek plass.

 

Du kan investere i ekstra lagringsplass på maskina (f eks 256 GB SSD-lagring). Men du treng sikkert ein ekstern HD eller 2 i løpet av skuleåret. Du vil kunne lagre råfiler i skya (OneDrive) gratis medan du er elev ved Sogndal vgs. Du kan ikkje redigere film med råmaterialet liggande på OneDrive (difor tilrår me å ha det på ekstern HD). Bruk skylagring til back up.

 

ANNA:

 

Mus: Me tilrår at elevane kjøper mus pga HMS og at det er betre å jobbe med bl.a detaljmaskering med betre verktøy enn styreplata og fingen. Ver klar over at PC-mus òg virkar på MAC. (Men sjekk USB/Thundebolt-tilkoplingar)

 

Forsikring: Vurder kva forsikring du skal ha. Men hugs at elevane jobbar tett og ivrig i lag, slik at uhell KAN skje (med datamaskina).

 

Hvis det er noko du lurer på kan du ta kontakt med Per Henning Olsen (lærar MK). Send ein sms på 941 95 154, så ringjer han deg så raskt han kan :)

Tips ein ven Skriv ut