Sogndal vidaregåande skule/Eid vidaregåande skule/Om oss/Om skulen/Lokale
Eid%2Bvidaregåande%2Bskule%2Bmed%2Bsjøutsikt%2B1024x384 (4)

Eid vidaregåande skule - i same bygg som Operahuset Nordfjord/Eid kino/Eid Bibliotek

Galleri

Todd 2
DSC_0165
Skrue-UB-Eid-vgs-1024x683
InDeCo UB - Eid vgs
IMG_71891
5883_img_1547
Hele gjengen
Dans11078x768
elevarisminkerom1024x384
hoppandeelevar1024x384

Skulen ligg sentralt i Nordfjord i Eid sentrum. Skulen er samlokalisert med Operahuset Nordfjord. Nybygget med Eid vidaregåande skule, Operahuset Nordfjord, Eid kino og Eid folkebibliotek under samme tak, stod ferdig 25. april 2009.

Utdanningsprogramma ved Eid vidaregåande skule utfyller kvarandre og aktiviteten i Operahuset godt. Skule- og operahuskvardagen gjev høgt læringsutbytte, men også den viktige kjensla av å ver ein del av eit fellesskap som arbeider mot felles mål. Entreprenøriell læring, meistring og trivsel er viktige satsingar for skulen. Alt dette er truleg årsaker til det svært låge fråfallet på Eid vidaregåande skule. 

Operahuset Nordfjord inneheld stor kultursal, kino, rockscena Gymmen scene og studio, bibliotek og kantine. Alle desse romma vert også brukt til skule. I kultursalen er det fellessamlingar og store arrangement (550 sitteplassar). Kvart år produserer elevar og lærarar kulissar og rekvisittar til hovudproduksjonen til Opera Nordfjord, dei produserer sin eigen musikal, jobbar med Malakoff Rockfestival og har praksis i kulturhuset. Dette er i samsvar med faglege kompetansemål, og innsatsen vert vurder av faglærarar.

Tips ein ven Skriv ut