Sogndal vidaregåande skule
Bre_framside

Med Idrettsfag på breen

-Utruleg artig å få klassekameratane fram her i dalen på ein slik dag. Det er jo kjekt å få vist fram plassen ein kjem frå. Spesielt kjekt er det sidan me hadde mykje teori rundt brear og landskapsforming i geografiundervisninga i fjor, og no får heile gjengen sett på det i praksis gjennom å ferdast i dette landskapet, seier Aina Kvam som no er elev i 3IDA og har vakse opp i Jostedalen. 

Tekst og foto: Torgeir Sværen Henjum

2IDA og 3IDA hadde ein nydeleg dag på breen den 08.09. Med god vegleiing frå lokale breførarar hadde dei to klassane ein lærerik blåistur på Nigardsbreen i høve til aktivitetslærefaget, eit praktisk idrettsfag, som følg dei gjennom alle tre åra ved skulen. Korleis kan ein ferdast trygt på is, korleis har breen vore med på å forme landskapet og kva som skjer inne i isen var tema som fekk fokus medan elevane bevega seg rundt i naturreservatet i Jostedalen. 

Også lærarane ser fordelar med ein skule i nærleiken av storslagen natur.

- Vi er heldige på Sogndal VGS som har så mykje fin natur så nær oss at vi ikkje treng meir enn ein dag for å kunne drive undervisning i slike omgjevnader. Ein bretur med rot i både lokale og nasjonale tradisjonar passar perfekt til aktivitetslærefaget, seier Anna-Karin Clarin, lærar i 2IDA, som hadde ein framifrå dag saman med elevane i Jostedalen.

Bre.jpg

 

Tips ein ven Skriv ut