Sogndal vidaregåande skule/Hafstad vidaregåande skule
01 Fylkesmeisterskap i yrkesfag

Medieelevar dekka fylkes-meisterskapet i yrkesfag

Torsdag 16. februar var vg2-klassen på medium og kommunikasjon ved Hafstad vgs engasjerte som presseansvarlege under fylkesmeisterskapet i yrkesfag på Mo og Øyrane vgs.

Det var til saman 100 elevar frå 18 forskjellige fag som deltok i Sogn og Fjordanemeisterskapet i yrkesfag denne dagen, og elevane frå ungdomsbedrifta Bit and Byte på medium og kommunikasjon dekka konkurransen med foto og film. Fag som mellom anna industriteknologi, servitørfag og helsefag var representert. MK-elevane jobba i team og var delt i film- og fotogrupper med ansvar for sine ulike fagområde på arrangementet. Involverte faglærarar var Johnny Flaten, Ole Johnny Devik og Anne Brit Sande.

Bilete av elevar frå hafstad vgs som filmar og intervjuar elevar under Sogn og Fjordanemeisterskapet i yrkesfag den 16. februar 2017

Elevar frå vg2 medium og kommunikasjon under arbeid. Foto: Anne Brit Sande

Mykje å dekke

Konkurransen var satt til eit stort geografisk område, så elevane fekk trening i å jobbe sjølvstendig, og fekk også god mosjon. I løpet av seks timar hadde elevane produsert ti reportasjefilmar, med alt frå opningstalen til rektor - til intervju med titals yrkesfagselevar.

Filmane som vart laga vart lagt ut etterkvart som dei vart produsert på sosiale medium http://bit.ly/yrkesfag-sfj og foto frå alle områda vart lagt ut på vertsskulen si eiga Facebook-side, med elevane som redaktør.

For elevane som lærer om mediefag er pressedekning ei vanleg oppgåve for ei kommunikasjonsavdeling, og bruken av publisering på digitale medium er ein av dei nye måtane å dekke arrangement på i dagens mediesamfunn.

Bilete frå Sogn og Fjordanemeisterskapet i yrkesfag 16 februar 2017, på Mo og Øyrane vgs

Sogn og Fjordanemeisterskapet i yrkesfag den 16. februar. Foto - Ole Johnny Devik

Stort læringsutbytte

Etter ein lærerik dag tok medieelevane med seg heim mange klikk (på medieprodukta sine), og gode tilbakemeldingar frå eigne lærarar, ansvarlege på Øyrane og i fylkeskommunen.

Elevane har praktisert planlegging, opptaksteknikk, klipping, fotoredigering, og etikk kring publisering - i eit stort utval av mediefaget sine kompetansemål.

Fylkesmeisterskapet i yrkesfag er arrangert i samarbeid mellom Fylkeskommunen og World Skills Norway. Deltakarane kunne kvalifisere seg til NM, og neste år skal arrangementet vere i Sogndal.

Tips ein ven Skriv ut