Førde Opp hausten 2017

Medieelevar filma "Førde Opp"

-Det var eit kjekt oppdrag, seier to av elevane i andre klasse på Medium og kommunikasjon. Klassen hadde streaming av motbakkeløpet som vart arrangert laurdag 2. september. 

Tekst: Tobias Dyregrov

-Eg synes det er kjekt å stå med kamera og kommunisere med dei andre og med regi, seier Nikoline Hylderås.

-Det var kjekt å springe rundt og finne løysingar og hjelpe til med utfordringar vi hadde, supplerar Jørgen Heltne.

Dei er to av ti elevar som var med på arrangementet og jobba frå klokka ni om morgonen til fire-tida på ettermiddagen. I løpet av den tida sørga medieelevane ved Hafstad, for at publikum fekk sjå løpet live på storskjerm i Førde sentrum.

1 Viser storkjerm i Førde sentrum, foto - Ole Johnny Devik.jpg

Over: Viser storskjerm i Førde sentrum (foto: Ole Johnny Devik)

Førebuinga laurdag var frå ni om morgonen og løpet begynte i halv-eitt tida, frå då av var det travelt, fortel dei to. - Det var litt stress, spesielt når vi ikkje fekk til alt med kamera, som å fokusere og lysforholda på scena.

Kva føler de at de har lært av dette oppdraget?
Begge svarar at dei synes det har vore lærerikt og ønsker fleire slike oppdrag.
-Eg trur eg har lært meir om å koordinere som eit lag, seier Jørgen.
-Og vi har lært meir om kommunikasjon og samarbeid, legg Nikoline til. Begge synes at det er greitt å bruke ein laurdag på noko slikt og tar gjerne fleire stramingoppdrag.

2 B Nikoline Hylderås og Jørgen Heltne, foto Anne Brit Sande.jpg

Over: Jørgen Heltne var del av regien og styrte lyd. Nikoline Hylderås, hadde ansvar for eitt kamera. Begge jobba ved rådhuset og hadde mange arbeidstimar denne dagen (foto: Anne Brit Sande)


Fleirkamera-produksjon
- Det å drive fleirkamera-arbeid for eit såpass stort arrangement med fire kamera som skal levere gode bilete til storskjerm til ein kvar tid, krev konsentrasjon og tolmodigheit. Elevane gjorde ein kjempejobb og dei som var med til slutt vart takka personleg i handa av arrangøren for flott utført arbeid, seier Ole Johnny Devik, som var med elevane på oppdraget laurdag.

Han fortel at elevane var kameramenn- og kvinner, stod for regi og var produsent og lydteknikar. I tillegg var dei med å rigge opp kamera og kablar, samt sette opp produksjonsutstyret. Det var arbeid både i sentrum, der det stod tre kamera og regi-rom, og på toppen av fjellet, der to av elevane styrte kamera, som sende levande bilete ned til storskjermen i sentrum. Ein av elevane filma også målgang på toppen av Hafstadfjellet og stemningsbilete.

3 På veg opp siste biten til toppen av Hafstadfjellet, foto - Ole Johnny Devik.jpg

Over: På veg opp siste biten til toppen av Hafstadfjellet (foto: Ole Johnny Devik)

I forkant var det øvingar og prøvesending. Det utgjer omlag ti timar med forarbeid, inkludert synfaring på Rådhusplassen og bering av ustyr frå Hafstad vidaregåande til kontrollrommet i sentrum.

Video frå Førde Opp 2017, filma av Markus Reiersen: https://www.youtube.com/watch?v=PQtHlH8uhrA

Tips ein ven Skriv ut