Sogndal vidaregåande skule/Hafstad vidaregåande skule
Josef Benoni Ness Tveit

Josef Benoni Ness Tveit

Medieelevar hyra inn som fotografar under OL

VG3-elevane Jostein Vedvik og Josef B. Ness Tveit er i desse dagar fotografar i eit medie-team som jobbar for å lage saker om OL, til Lillehammer 2016 si nettside.

Jostein fortel følgjande om kva oppdraget deira går ut på: Dei fotograferer idrett, kultur og stemning under arrangementet, og leverer foto som kan nyttast til OL-relaterte saker og nyhende. For at alle skal få tilgang til bilete frå OL, så legg Jostein og Josef legg ut stoff frå ungdoms-OL på sosiale medium, og legg ut bilete gratis for fribruk mot kreditering på flickr.

På NRK Dagsrevyen den 12. februar, var det lagt ut eit stort bilete i bakgrunnen under TV-sendinga, frå ungdoms-OL i Lillehammer. Dette biletet var tatt av Jostein. Dagen etter blei dette flotte fotoet også lagt inn på heimesida til OL-arrangementet, og har slik blitt sett av millionar frå heile Europa! Vi ønskjer Josef og Jostein lykke til vidare med det spennande arbeidet i Lillehammer!

Medieelevar fotografar under OL i Lillehammer.jpg

Over: Jostein Vedvik og Josef B. Ness Tveit i Lillehammer. Foto: Privat

OL i Lillehammer, foto av Jostein Vedvik.jpg

Over: Frå NRK Dagsrevyen 12. februar 2016. Jostein Vedvik sitt foto frå Lillehammer i bakgrunnen

Her er ei lenkje til Lillehammer 2016 Vinter OL for ungdom, si nettside

Tips ein ven Skriv ut