2mka-elevar involvert i haldningskampanjen "Death Trip". Foto - Ole Johnny Devik

2mka-elevar involvert i haldningskampanjen

Medieelevar vil påverke

Film, plakatar og sosiale media er aktuelle kanalar, når klasse 2mka skal lage haldningskampanje mot ruskøyring. Som tidlegare år, deltek medieelevane på Hafstad vgs i den landsdekkande konkurransen om å lage beste haldningskampanje. I fjor vann Vg2-klassen førsteplass. 

Tekst: Ole Johnny Devik og Anne Brit Sande

Tysdag 14. februar gjekk starten på deltaking i "Death Trip"-kampanjen på for Hafstadelevane. Line Langaas frå MA-Ungdom (Motorførernes avholdsforbund ungdom), reiser rundt til skular med eit såkalla kickoff, som består av informasjon og idemyldring, før elevane startar arbeidet med sin kampanje. 

Ser rusen

Deathtrip er ein årleg konkurranse i regi MA-Ungdom, der målet er å påverke ungdom med å lage informasjonsmateriell mot ruskøyring. Arrangøren inviterer skular over heile landet til å delta og vanlegvis er det mellom 30 og 40 skular som sender inn kampanjebidrag til konkurransen. Kvar skule kan sende inn fire bidrag.

I løpet av tysdagen hadde Line to presentasjonar for klasser på Hafstad vgs. Først med vg2 medium og kommunikasjon, og deretter for vg3-elevane i medier og informasjonskunnskap II. 

Eit høgdepunkt var då elevane fekk prøve promillebriller, som viser korleis ein opplever å vere påverka av rus. Målet var å balansere på ei rett linje på golvet, for å sjå kor mange som kunne klare å gå beint. 

Elevar frå 2mka prøver ut

Over: Elevar frå 2mka testar ut "promillebriller". Foto - Ole Johnny Devik

Etter Wirkola

Fleire klassar på Medium og kommunikasjon har delteke opp gjennom åra og markert seg. Dette er tredje året Hafstad vgs deltek i Death Trip. I fjor gjekk andre klassen på medium og kommunikasjon til topps i konkurransen. Dei fekk dra til Oslo for å hente heim 30.000 kroner for sitt informasjonsarbeid mot ruskøyring. Plakaten, som er eitt av fleire produkt dei laga, pryder no framsida på http://maungdom.no. Forventningane er dermed store til at Hafstadelevane også i år skal klare å hevde seg i konkurransen.

Fagleg relevant 

Kommunikasjon- og informasjonsarbeid er ein bransje i vekst, med ei stadig større satsing i bedrifter og organisajonar. Å delta i Death trip er svært lærerikt for elevane, som skal lære om det å påverke gjennom informasjon og kommunikasjon. 

Line Langaas er prosjekt- og kampanjeansvarleg MA-Ungdom, og tidlegare medium og kommunikasjonselev. Ho har ansvaret for å sparke i gang deltakinga på skulane.

Tips ein ven Skriv ut