www.sogndal.vgs.no

Intervju med videokamera

Foto: Focus UB

Medium og kommunikasjon (MK) er blitt eit studieførebuande løp

Er du interessert i å arbeide med foto, film, lyd, tekst og grafisk design? Er du interessert i å lære om korleis media fungerer i samfunnet vårt?

På MK ved Sogndal vidaregåande skule får du teoretisk kunnskap og praktisk røynsle.

På utdanningsprogrammet Medium og kommunikasjon, studieførebuande løp, lærer du om  mediepåverknad og mediepolitikk og du lærer forteljarteknikk gjennom praktisk arbeid slik at du kan utforme forskjellige medieprodukt. Som elev får du høve til å utvikle evne til samarbeid, sjølvstendig arbeid, fleksibilitet og originalitet.

Frå og med hausten 2016 er Medium og kommunikasjon endra frå å vere eit yrkesfagleg studietilbod til å bli eit 3-årig studieførebuande tilbod. Innhaldsmessig vil utdanningsløpet ikkje skilje seg veldig mykje frå det MK vi kjenner frå i dag, fokuset vil framleis vere på læring gjennom praktisk arbeid.

På medielinja ved Sogndal vgs har vi eit svært godt samarbeid med kultur og næringslivet, til dømes Sogndal Fotball og Sogn Avis. Klassane opprettar ofte ungdomsbedrift, og tek oppdrag til dømes innan reklame, filming, streaming m.m. Vi har fast avtale om å streame  fylkesfinalen til Ungdomens kulturmønstring (UKM).

Den årlege filmfestivalen, Sogndal Filmfestival, er medielinja ansvarleg for.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Jorunn Vigdal.jpg
Jorunn Margrethe Vigdal
Pedagogisk leiar / avd. leiar
Medium og kommunikasjon
57 67 64 02 / 481 01 594

Jorunn.Margrethe.Vigdal@sfj.no

Relaterte lenker