Sogndal vidaregåande skule/Hafstad vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Medium og kommunikasjon
ingressbilete MK NY JPG

Medium og kommunikasjon - studieførebuande utdanningsprogram

Frå og med hausten 2016 blir Medium og kommunikasjon endra frå å vere eit yrkesfagleg studietilbod, til å bli eit 3-årig studieførebuande tilbod.


Er du interessert i å arbeide med foto, film, lyd, tekst og grafisk design? I så fall kan medium og kommunikasjon (MK) vere det rette valet å satse på for deg. Til denne tid har MK vore eit yrkesfagleg løp, men frå hausten 2016 blir MK til eit studieførebuande programområde. Det vil seie at du får studiekompetanse, og kan komme inn på høgskular og universitet etter å ha fullført den 3-årige utdanninga.

På medielinja på Hafstad vgs er det eit godt samarbeid med kultur og næringslivet. Klassane pleier gjerne å opprette ungdomsbedrift, og tek på seg betalte oppdrag bl.a. innan reklame, filming, streaming m.m.

1mka og utdanningsval.jpg

Over: Foto - Hafstad vgs. Bilete frå utdanningsval på MK

BLOGGEN til medium og kommunikasjon ved Hafstad vgs, vil du finne informasjon og bilete av elevarbeid

FILM om programområdet medium og kommunikasjon ved Hafstad vgs

Hafstad vgs ligg sentralt til i Førde, og skulen er vakkert plassert like ved elva. Det er inntil 30 elevar i klassane, men i fleire programfagtimar blir klassen delt i grupper på 15. Dette gjer til at det er godt tilrettelagt for å kunne arbeide praktisk i faga, og at kvar elev får tett oppfølging frå lærar. Medielinja er godt utstyrt med oppdatert programvare og profesjonelt utstyr, og det er også eit studio disponibelt på skulen.

vilbli.no finn du følgjande informasjon om Medium og kommunikasjon:

Du lærer

  • fortellarteknikkar innan tekst, lyd og bilete
  • om mediepåverknad, mediehistorie og journalistikk
  • å utforme bodskap, uttrykk og layout
  • bruk av form, farge, lys og lyd som verkemiddel
  • å videreutvikle din digitale kompetanse
  • teoretiske fag

MK magasindesign og foto.jpg

Over: Designprodukt laga av MK-elevar. Faglærar: Mona Fossdal.

Du bør ha

  • god skriftleg og munnleg uttrykksevne
  • estetisk sans og godt fargesyn
  • interesse for informasjonsteknologi og digitale medium

MK TV.jpg

Over: Foto - Hafstad vgs. Elevar som arbeider med fleirkameraproduksjon

Du oppnår

  • studiekompetanse og kan ta høgare utdanning

Viss du tek høgare utdanning, kan du blant anna bli

  • journalist, tekstforfattar eller innhaldsprodusent
  • webdesigner, interaksjonsdesignar eller spilldesignar
  • lydteknikar, lyd- eller filmprodusent
  • kommunikasjonsrådgjevar eller medie- og samfunnskonsulent
    Du kan også utdanne deg til andre yrke – med generell studiekompetanse kan du søke dei fleste studium ved høgskular og universitet.

Arbeidsstadar kan vere

  • aviser eller magasin
  • reklamebyrå eller kommunikasjonsbyrå
  • produksjonsselskap eller mediebedrifter
  • offentlege bedrifter

Hanna, Bilete fra 2MKA 1 - Trygve.jpg

Over: Elev frå klasse 2mka ved Hafstad vgs. Foto: Trygve Sæten Nilsen

Opptakskrav til høgare utdanning

Med generell studiekompetanse kan du søke dei fleste studium ved høgskuler og universitet. Men nokre studium har særskilte opptakskrav:

  • Opptaksprøver: Mange mediefaglege studium krev ein praktisk opptaksprøve. Med medium og kommunikasjon får du eit godt grunnlag for å gjennomføre slike opptaksprøver.
  • Realfagskrav: Nokre studier krev at du har visse realfag. Døme på slike studium er ingeniør-, realfags- og medisinske studium. Du finn opptakskrava til høgskule- og universitetsstudium på samordnaopptak.no.På medium og kommunikasjon kan det vere vanskeleg å få plass på timeplanen til å velje alle dei realfagene du vil trenge. Sjekk med skulen din om dei kan tilby deg dei realfaga du ønskjer å ta.

Val av fag i utdanningsprogram for medium og kommunikasjon

  • Tre programfag kan du velje sjølv, eitt på Vg2 og to på Vg3.
    • Dei valfrie programfaga kan vere vidare spesialisering innan medium og kommunikasjon og/eller fag frå eit anna programområde i studieførebuande utdanningsprogram (til dømes realfag eller framandspråk).
    • Det er opp til skulen din kva slags programfag som blir tilbydd.
    • Hadde du ikkje framandspråk på ungdomstrinnet? Då må du ta framandspråk som fellesfag på Vg3 istadenfor eitt av dei to valfrie programfaga på Vg3.
  • Har du særskilte framtidsdraumar? Då bør du sjekke opptakskrava til studia, før du vel fag.
  • Programfag i framandspråk og realfag gir tilleggspoeng ved opptak til høgare utdanning.

Elevar som byrja på medier og kommunikasjon hausten 2015 eller tidlegare (yrkesfagleg programområde), føljer gammal ordning.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Mona svhv 5.jpg

Mona Fossdal

Opplæringsleiar for medium og kommunikasjon, og for kunst, design og arkitektur

mona.fossdal@sfj.no

57 63 75 71 / 959 67 738

 

BLOGG MK på Hafstad vgs

FILM MK på Hafstad vgs