Fotocollage med ulike bilete med tema kultur, t.d. ein duo på ei scene, ein mann med gitar som opptrer i ein gymsal framfor ungar og små ungar på eit bibliotek.

Foto: Barn på biblioteket: Lene Neverdal. Vindhellavegen: Åsne Helleve. Konsert Lena Skjerdal: Birthe Johanne Finstad. Skulpturar: Birthe Johanne Finstad. DKS-konsert: David Zadig. Kvernsteinsparken: Lars Opstad

Meld deg på kulturkonferansen 2018

Kulturkonferansen 2018 vert arrangert 7. og 8. mars på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde. Tema i år er kulturelle ressursar i kommunane, frivilligheit og kulturell og kreativ næring.

Fylkeskommunen nyttar kulturkonferansen 2018 som ein innspelsarena til arbeidet med regional plan for kultur. Fylkestinget skal vedta planen i løpet av hausten 2018, og før den tid ønskjer vi innspel frå kommunar, kulturorganisasjonar og kulturinstitusjonar.

Kva kulturelle ressursar har vi?

Det vert på konferansen fleire sesjonar som tek for seg viktige tema for kulturlivet i Sogn og Fjordane, og vi set søkjelys på blant anna dette:

  • Kva kulturelle ressursar finst i kommunane og kva er vi gode til?
  • Kva vil vi styrke og ta med oss inn i framtida?

Vi vil særleg sjå nærare på kva føresetnader og moglegheiter kommunane har for å utnytte dei kulturelle ressursar i omgjevnadene betre. Telemarksforsking og Høgskulen på Vestlandet bidreg inn i arbeidet.

Korleis leggje til rette for frivilligheit?

På dag to av konferansen er det temaa frivilligheit og kulturell og kreativ næring som står i sentrum. Vi stiller blant andre desse spørsmåla knytt til frivilligheit:

  • Det frivillige står sterkt i Sogn og Fjordane, men er det sjølvsagt?
  • Korleis føre ein politikk som stimulerer og legg til rette for det frivillige også i åra som kjem?

KS vil informere om si Plattform for frivilligheit, som har som mål å styrke samarbeide mellom det frivillige og kommunane. Eid kommune presenterer arbeidet sitt med ei eiga frivilligplattform.

Frivilligheit Norge vil snakke om frivilligpolitikk, korleis myndigheitene legg til rett for vekst og utvikling i frivillig sektor. Kulturdepartementet utarbeider no ei ny melding om statleg frivilligpolitikk og vil informere om det arbeidet. Det blir også høve til å komme med innspel.

Kulturell og kreativ næring

Sogn og Fjordane har mange større og mindre bedrifter og føretak innan kulturell og kreativ næring.

  • Korleis kan vi legge til rette for og nytte desse ressursane betre?

Nærings- og kulturavdelinga i fylkeskommunen vil informere om moglegheitene for kulturell og kreativ næring i næringsarbeidet til kommunane. Vidare vil vi få presentert døme på prosjekt og satsingar i Fjaler og Lærdal. Dagen vert avslutta med ein verkstad kring kulturell og kreativ næring i kommunane.

Ferdig program  

Kven er kulturkonferansen for? 

  • Politikarar i kommunar og fylke
  • Avgjerdstakarar i kommunesektoren
  • Rådmenn
  • Planleggjarar
  • Kulturtilsette i kommunane
  • Rektorar i kulturskulen
  • Frivillige lag og organisasjonar
  • Kulturinstitusjonar
  • Andre samfunns- og kulturinteresserte

Fristen for å melde seg på konferansen er 1. mars 2018.

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00