www.sogndal.vgs.no

Miljøkoordinator

Miljøkoordinator har kontoret sitt i administrasjonen, 3. etasje. Skulen har tre miljøkoordinatorar.

Miljøkoordinator jobbar mellom anna med:

Skulemiljø / læringsmiljø

Miljøkoordinator jobbar for eit godt miljø. Saman med andre på skulen jobbar miljøkoordinator med førebyggande- og miljøskapande arbeid. Einskildelevar får oppfølging og samtalar ved behov.

MOT

I juni 2016 vart skulen vår medlem av MOT. MOT er med på å styrke ungdom til å ta eigne val og utvikle robust ungdom. Miljøkoordinator er sentral i dette arbeidet inn mot elevane. I løpet av tre skuleår får elevane 12 økter med ulike MOT-rettleiarar.

Klassens time

I lag med helsesøster, bibliotekar, eller åleine kjem miljøkoordinator på besøk i klassens time på alle klassetrinn. Tema kan vera tobakk, rus, mobbing, personvern, eller andre tema som elevane sjølve ynskjer vert tekne opp i klassen.

Hybelbuar

Me har normalt ca. 270 elevar som bur på hybel, av dei er ca. 60 på Vg1. I starten av skuleåret får hybelbuarar ekstra informasjon og oppfølging. Elevar som ynskjer besøk av miljøkoordinator, tek kontakt og avtalar hybelbesøk. Alle Vg1-elevar får tilbod om ein samtale i løpet av skuleåret.

Open skule / leksehjelp

Onsdagar rett etter skuletid tilbyr miljøkoordinator Open kveld, i samarbeid med Ungdomsavdelinga i Sogndal kommune. Elevane får då tilbod om å kjøpa enkel middag for 30,-  Tilbodet vert marknadsført på facebook.

Etter middag tilbyr me sosiale aktivitetar som bordtennis, kortspel, sandvolleyball (på våren) og div anna. Dette er eit godt tilbod som gjev elevane høve til å verte kjende med andre elevar, på tvers av årstrinn og utdanningsretningar.

Andre aktivitetar

Vi er aktivt med ved arrangement som vårball, skulestart, skuleavslutningar, hjelper russen, samarbeider med elevråd, skidag m.m.

Ta turen innom

Har du lyst å slå av ein prat, ta ein te- eller kaffikopp?
Er det noko du lurer på som du trur eg kan hjelpe med?
Ta turen innom kontoret.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

CharlotteAlmeBringe.jpg

Charlotte Alme Bringe
57 68 23 21 / 911 74 914
charlotte.alme.bringe@sfj.no
RalphKruger.jpg
Ralph Krüger
57 67 64 36 / 415 30 600
ralph.kruger@sfj.no

Line Aune Narvestad.jpg

Line Aune Narvestad
482 16 899
line.aune.narvestad@sfj.no

Relaterte lenker