Sogndal vidaregåande skule/Hafstad vidaregåande skule/Elev og føresett/Elevtenester/Miljøkoordinator
Miljøskapande tiltak for elevane. Foto: Hafstad vgs

Miljøskapande tiltak for elevane. Foto: Hafstad vgs

Miljøkoordinator ved Hafstad vgs

Miljøkoordinatoren på Hafstad vidaregåande skule heiter Ane Birkeland. Som tittelen tilseier skal miljøkoordinatoren si hovudoppgåve vere miljøet på skulen, at elevane våre trivst og at det er hyggeleg og ryddig rundt oss.  

Arbeidsoppgåvene for miljøkoordinatoren er :
* Kontaktperson for elevråd og russestyre
* Bli Kjent opplegg for vg1 
* Diverse arrangement for elevar

Miljøkordinator - Ane Birkeland - Foto - Amalie Larsen Ovrid 02.jpg

Over: Ane Birkeland, miljøkoordinator ved Hafstad vgs. Foto: Amalie Larsen Ovrid

Ane har open dør dersom du lurer på noko, eller treng å snakka med nokon. Dersom nokon har lyst på besøk på hybelen er det berre å ta kontakt.

Miljøkoordinatorstillinga er 50%, så Ane er på skulen 4 dagar i veka, 
måndag - torsdag 08.30 - 14.00

Bordtennis ved Hafstad vgs av Jim Steven T Igland.jpg

Over: Elevar ved Hafstad vgs som spelar bordtennis i glasgården. Foto: Jim Steven T. Igland
 
Miljøpris ved Hafstad vidaregåande skule
Prisen vert delt ut i slutten av skuleåret (kr 2500).

Den vert delt ut til den klassen som har synt best miljøprofil (både med omsyn til orden og det sosiale).

Vinnaren vert kåra av eit utval av to representantar frå elevrådet, ein frå lærarane, to frå andre tilsette og ein frå skuleleiinga.

Kvar klasse får ansvaret for og tilsyn med miljøet i ei veke om gongen etter oppsett plan.

Klassen skal mellom anna:

Registrere kva forbetringar klassen meiner bør gjennomførast med omsyn til både sosialt og fysisk miljø.

  • Rapportere til klassestyrar kva som kan gjerast frå skulen si side for å betre miljøet.
  • Ta opp med medelevar og/eller elevråd kva som kan gjerast frå elevane si side for å betre miljøet.
  • Diskutere skulemiljøet i klassa og finne fram til ordningar og tiltak for å skape best mogeleg læringsmiljø og trivsel.

Jfr. Hafstad vidaregåande skule si målsetting og Handlingsplan for trivsel og godt læringsmiljø.

Ved vurderinga vert det lagt vekt på:

  • Orden i klasserom, fellesrom og uteplass
  • At klassen kjem med små overraskingar som kan auke trivselen hos alle som har arbeidsplassen sin på Hafstad. (t.d sang/musikkinnslag, utkledningspåfunn, danseopptrinn, konkurransar, leikar etc., etc., etc.).

Vi håpar at elevane vil ta aktivt del for å gjera miljøet på skulen endå betre. Det krev relativt liten innsats frå den enkelte, men har stor verdi for mange.

Lukke til!

Handlingsplan for trivsel og godt læringsmiljø ved Hafstad vidaregåande skule
Eit godt læringsmiljø er ein rett elevane har og ein føresetnad for god læring. På Utdanningsdirektoratet sine sider finn du artiklar, filmar og nyttige verktøy for utvikling av eit læringsmiljø som fremjar helse, trivsel og læring for elevane. Innhaldet er meint som støtte og inspirasjon til eit systematisk og heilskapleg arbeid med læringsmiljø.

Eit godt læringsmiljø

Eit godt læringsmiljø er ein rett elevane har og ein føresetnad for god læring. På Utdanningsdirektoratet sine sider finn du artiklar, filmar og nyttige verktøy for utvikling av eit læringsmiljø som fremjar helse, trivsel og læring for elevane. Innhaldet er meint som støtte og inspirasjon til eit systematisk og heilskapleg  arbeid med læringsmiljø.

http://www.udir.no/Laringsmiljo/Fem-grunnleggende-forhold/1-Larerens-evne-til-a-lede-klasser-og-undervisningsforlop/

Overordna mål:

Å auke tryggleik og trivsel og skape eit godt læringsmiljø som er fritt for mobbing, rasisme, vald og rusmisbruk

Delmål:

Å legge til rette for auka kunnskap og personleg utvikling  hjå eleven

Å inspirere elevane til å ta aktivt del i opplæring og miljøskapande arbeid

Å skape og vedlikehalde gode tilhøve mellom lærarar/andre tilsette ved skulen og elevar og elevane i mellom, i og utanfor opplæringssituasjonen

Å arbeide for at lærarar og elevar viser kvarandre gjensidig merksemd, toleranse og respekt,  og utviklar gode rutinar for å førebygge og å handsame problem

Å gjennomføre ei løpande vurdering av skulemiljøet for å finne ut korleis stoda er i dei einskilde klassane med omsyn til trivsel, tryggleik og læringsmiljø

Å oppdage mobbing, vald og rasisme så tidleg som mogeleg, og setja i gang tiltak når slik åtferd blir avdekka.

Å skape eit skulemiljø der alle tek ansvar for at det er ryddig, ordentleg og triveleg

Å skape skuleidentitet

Tiltak og ansvar

Tiltak og ansvar 2.jpg

   

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ane svhv.jpg

Ane Østby Birkeland

Miljøkoordinator

ane.birkeland@sfj.no

57 63 75 57

Måndag til torsdag, 8.30 - 14.00

Relaterte lenker

Elevane sitt skulemiljø

Kap. 9a i opplæringslova

Udir.no "Nullmobbing"

Nytt regelverk (hausten 2017): Nulltoleranse mot mobbing

Dokument

Oversikt over klassar med ansvar for miljøvekene 2017-18