www.sogndal.vgs.no

Ei gruppe ungdomar med utanlandsk bakgrunn padlar i kano på eit vatn. Fleire har regnklede, alle har redningsvest.

Foto: UWC Connect

Utanlandsk bakgrunn

Har du eit anna morsmål enn norsk? Har du fullført grunnskule i utlandet og ynskjer å søke på vidaregåande opplæring i Noreg? Lurer du på kva dine moglegheiter er? Her finn du informasjon som du med utanlandsk bakgrunn kan ha nytte av før du søkjar vidaregåande opplæring.

For å få rett til vidaregåande opplæring, må du ha lovleg opphald i Noreg og godkjent grunnskuleopplæring. Asylsøkjarar mellom 16 og 18 år har også rett til vidaregåande opplæring.

Vi anbefaler at du har nådd eit B1-nivå i norsk før du startar i vidaregåande opplæring. Dette har å gjere med at rett til vidaregåande opplæring er tidsavgrensa, og for å gå vidare frå vg1 til vg2 må du ha bestått i alle fag.

For å få betre kjennskap til krav og forventingar i norsk vidaregåande opplæring anbefaler vi at du diskuterer planane dine med ein rådgjevar på skulen, i flyktningtenesta eller NAV. Om du er over 19 år, kan du også bestille time for karriererettleiing på www.karrieresfj.no.

Kva vil du bli?

Bruk tid på å finne ut av kva tilbod og moglegheiter du har før du startar på utdanninga di.

Dersom du går på skule, kan du søke rettleiing hjå rådgjevaren på skulen din.

Om du er over 19 år, kan du bestille gratis rettleiing på www.karrieresfj.no.

Du finn også mykje informasjon på desse nettsidene:

Rett til vidaregåande opplæring

Om du har rett til vidaregåande opplæring eller ikkje, kjem an på kva du har av skulegang og utdanning frå før.

For å få rett til vidaregåande opplæring, må du ha lovleg opphald i Noreg og godkjent grunnskuleopplæring. Asylsøkjarar mellom 16 og 18 år har kan også ha rett til vidaregåande opplæring.

Godkjent grunnskuleopplæring betyr at du oppfyller eitt av desse krava:

  1. Du har fullført norsk grunnskule
  2. Du har minst ni år med grunnskuleutdanning frå utlandet og kan dokumentere dette
  3. Du har realkompetansevurdering på grunnskulenivå

Du kan ha rett til vidaregåande som både ungdom og vaksen, det kallar vi ungdomsrett og vaksenrett. Ungdomsrett gjeld for deg mellom 16 og 24 år. Vaksenrett gjeld for deg over 25 år, og føreset i tillegg dokumenterte engelskkunnskapar på nivå med norsk grunnskule.

Du bør ha eit norsknivå på B1 før du startar. Dersom du ikkje har det, bør du ta meir norskopplæring før du søkjer ordinært inntak.

Meir grunnskuleopplæring

Du kan ha rett til meir grunnskuleutdanning hjå kommunen dersom du ikkje har fullført norsk grunnskule eller minst ni år med grunnskuleutdanning frå utlandet. Les meir om det i opplæringslova § 4A-1.

Om du er mellom 16 og 24 år kan du også søkje grunnskule for minoritetsspråkleg ungdom.

Fullført vidaregåande opplæring

Dersom du har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men ikkje får godkjent opplæringa som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg, har du også rett til vidaregåande opplæring.

Les meir om dette på nettsidene til Utdanningsdirektoratet.

Fristar

​Fristar for søknad:

Ordinær vidaregåande opplæring 1. mars
Ordinær vidaregåande opplæring for tilpassa opplæring og spesialundervisning 1. februar

Grunnskule for minoritetsspråkleg ungdom (GMU)

Frist for ettersending av norskdokumentasjon

1. mars

25. juni

Vaksenopplæring i vidaregåande opplæring

Frist for søknad på tilbod med oppstart i august

Frist for søknad på tilbod med oppstart i januar

Løpande inntak

1. mars

1. oktober

Informasjon om krav til søknad og dokumentasjon: Sjå under «For deg som søkjer vidaregåande opplæring med ungdomsrett»/«For deg som søkjer vidaregåande opplæring med vaksenrett».

Norsknivå

Det er ingen offisielle krav om norsknivå til vidaregåande opplæring vg1 eller til vidaregåande opplæring for vaksne.

Vi anbefalar likevel B1-nivå i munnleg og skriftleg norsk for å greie å gjennomføre opplæringa. Det kan bli særs utfordrande om du har eit norsknivå under B1-nivå.

For å gå vidare til vg2 i opplæringsløpet, må du ha bestått i alle fag – inkludert norsk – frå vg1.

For inntak til grunnskule for minoritetsspråkleg ungdom, må du ha minst A2-nivå i norsk munnleg og skriftleg.

Ungdomsrett

For å få rett til vidaregåande opplæring, må du ha lovleg opphald i Noreg og godkjent grunnskuleopplæring. Asylsøkjarar mellom 16 og 18 år kan også ha rett til vidaregåande opplæring om dei har godkjent grunnskuleopplæring.

Godkjent grunnskuleopplæring betyr at du oppfyller eitt av desse krava:

1.       Du har fullført norsk grunnskule

2.       Du har minst ni år med grunnskuleutdanning frå utlandet og har vitnemål på dette

3.       Du har realkompetansevurdering på grunnskulenivå

Søking

Registrer søknad på www.vigo.no. Du må velje tre studieprogram, og for kvart av disse kan du velje 3 skular.

Inntaket baserer seg på karakterar frå grunnskulen. Dei med høgast poeng vil få tilbod først. Dersom du manglar karakterar på vitnemålet frå grunnskulen, kan det difor hende at du ikkje kjem inn på førstevalet ditt. Du har rett på inntak til eitt av dei tre studieprogramma du har valt, men tilbodet kan vere på ein anna skule enn du ynskjer.

For meir informasjon om dei ulike studieprogramma i Sogn og Fjordane kan du sjå på www.vilbli.no og årets søkjarhandbok.

Særskilt språkopplæring

Du som minoritetsspråkleg elev kan ha rett til særskilt språkopplæring i vidaregåande opplæring.

  • Dette gjeld ikkje i GMU-opplæringa, då dette er eit opplæringstilbod som i seg sjølv reknast som særskilt tilrettelagt.
  • Du kan få utvida opplæringstid med maksimum 2 år
  • Du kan nytte ein anna læreplan i norsk særskilt laga for elevar med kort butid i Noreg.
  • Du må då søke med vedleggsskjema før 1. februar.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Yrla Klein
prosjektmedarbeidar integrering
yrla.klein@sfj.no
403 49 549

Relaterte lenker