Sogndal vidaregåande skule
Nettverksmøte anleggsteknikk

Sogndal vgs inviterte til nettverksmøte for anleggsteknikk

Nettverksmøte for anleggsfag

Onsdag 6. desember arrangerte Sogndal vidaregåande skule nettverksmøte for entreprenørar og opplæringskontor innan anleggsteknikkfaget. 

Det møtte åtte maskinentreprenørar, fordelt frå alle kommunane i Indre Sogn. I tillegg møtte Jan Erik Øygard frå OKAB, opplæringskontoret i Sogn og Fjordane og ein representant frå Sogndal kommune. Frå skulen møtte rektor, avdelingsleiar og tre faglærarar. Me starta med julemiddag som var laga og vart servert av ungdomsbedrifta til  resturant- og matfag. Middagen som var framifrå god, og gjorde at ein fekk ein god start før sjølve møtet tok til.

Av sakene som vart teke opp var utplassering av elevar i bedriftene i faget 'Yrkesfagleg fordjuping (YFF)'. Maskinentreprenørane gav uttrykk for at elevane trivst godt og gjer ein god jobb hjå dei. Dei er òg flinke med å melde frå når dei blir vekke frå arbeid. Lærlingeplassar til hausten og fadderavtale var andre tema som vart tekne opp.

Dette var ein flott samling, som gjer at samarbeidet mellom skule og næringsliv vert dyrka på ein god måte. 

Tips ein ven Skriv ut