Teaterframsyninga Hengdeg

Nittedal teater med framsyninga #HENGDEG

25. september kl.18.00 i Førdehuset. Førebyggande team (SLT gruppa) i kommunen, Mo og Øyrane vgs, Hafstad vgs, Halbrend og Førde ungdomskule, Ungdomens Bystyre i Førde og politiet arrangerer årleg ein temadag med fokus på psykisk helse. Framsyninga #HENGDEG blir vist på dagtid for elevar, lærarar og helsesystre på skulane.

Vi ynskjer føresette og andre interesserte velkommen til framsyning på ettermiddagen. 

Det er ei sterk framsyning som tek eit oppgjer med mobbing og utestenging og kva konsekvensar det kan gje, - men det er og ei framsyning om å ta val, sjå kvarandre og om håp.

Stykket viser den tøffe nettkvardagen til dagens ungdom som konstant eksponerer dei for urealistiske ideale, forventningspress, gaming, sosiale media, vald og eit ekstremt nyheitsbilde. I dagens digitaliserte samfunn føregår store delar av kommunikasjonen på nett, med eit krav om å vere konstant tilgjengeleg. Sosiale media skaper avhengighet og ukritisk sjølvutlevering.

Ein kan anonymisere, redigere og glorifisere framstillinga av sitt eige "eg". Isolerte bak kvar sin skjerm, gøymt bak kvar si maske, sit vi einsame og med eit inntrykk av ei uoppnåeleg og perfeksjonert omverden som ein ikkje maktar eller torer å ta del i.

#HENGDEG har eit nake uttrykk. Framsyninga baserar seg på eit digitalt språk med verksame audiovisuelle kulisser og musikk. Det er ingen replikkar. Alt blir kommunisert gjennom blogginnlegg, sms, Snapchat, Instagram, Jodel ol. #HENGDEG blir for mange i publikum eit voldsomt og sterkt møte med ein brutal røyndom og eit av de største samfunnsproblema vi har.

Tips ein ven Skriv ut