Samarbeidsprosjekt med Spania

Ny pris for internasjonalt samarbeid

Internasjonalt samarbeid har stått på timeplanen på Hafstad vgs. også skuleåret 2015-2016. Denne veka vart den spanske ungdomsbedrifta SOS Elder kåra til beste bedrift innan internasjonalt samarbeid i landstevlinga i Madrid. Dei vann tidlegare i vår den regionale messa i Sør-Spania.

Tekst: Ole Johnny. Foto: Privat

Bedrifta har arbeid i lag med medieklassen 2mka og RAW media UB på Hafstad vgs. gjennom skuleåret. Medieklassen har lage design til logo og merkevare. Grete Roska i 2mka har stått for logodesign, og har levert mange utkast til elevane i Spania som hadde ei vanskeleg oppgåve i å velge den dei meinte best representerte selskapet sitt.

Grete Roska Logo.jpg

Over: Logo over: Cred RAW Media frå klasse 2mka

Elevane frå begge nasjonane har hatt fleire Skype-møter gjennom året der dei har utveksla idear og blitt kjent med kvarandre sitt arbeid. Forretningsideen til bedrifta er ein app som skal hjelpe eldre med å finne fram dersom dei går seg bort, m.m.

Lærar Joan Taló (t.v.) ved skulen Bell-lloc del Pla i Girona (Spania) jobber med økonomifag og praktisk entreprenørskap (Ungt Entreprenørskap og EwB) ) og har ei lang rekke med nasjonale og internasjonale prisar bak seg. Fleire i lag med Hafstad vgs., sist for verdas beste samarbeidsbedrift i fjor.

Målet for dei to skulane er å jobbe saman på fleire prosjekt i framtida, så kanskje vert det fleire samarbeidsprisar? Lokal kontaktperson for samarbeidet er medielærar Ole Johnny Devik.

Internasjonal pris Privat foto 2.jpg

Tips ein ven Skriv ut