Rektor Nina Bygstad

Ny rektor vil utvikle Hafstad vgs

1. august i år tok Nina Bygstad til som ny rektor ved hafstad vgs. Da jobben blei utlyst den siste gangen, tenkte eg at no passa det for meg å søkje, seier Bygstad.

Bygstad har bakgrunn som lærar ved Mo og Øyrane vgs. Der jobba ho i femten år, mellom anna som leiar. Før det var ho sjukepleier og avdelingsleiar ved Førde Sentralsjukehus i til saman 10 år.

- Den første arbeidsdagen med elevane var spesielt spennande, seier den nye rektoren.

- Det var jo historisk for meg, for det var det første kullet eg tok imot som rektor. Men det er jo ei veldig flott elevgruppe, seier rektor. No gleder ho seg over å jobbe med dei andre tilsette på skulen. I tillegg er det kjekt å treffe elevar på gangen og «slå av ein prat».

01 Nina Bygstad i dialog - Foto Ole Johnny Devik.jpg

 

Over: Rektor ved Hafstad vgs i samtale med elevar ved skulen. Foto: Ole Johnny Devik

 

- Kva forventningar har du til elevane?

-Forventningane til elevane er at dei skal vere bevisste på at dei har sagt ja til vidaregåande skule og at dei da er førebudd på å bruke denne tida best mogleg for å komme i mål med den utdanninga dei har tenkt seg.

Skulen først

Rektor legg vekt på at elevane må ha hovudfokus på skulen, og at dei tek eit bevisst val i forhold til den tida dei brukar på å jobbe med skulen.

- Samstundes så er det viktig at ein har ein balansegang med å jobbe med fag, kontra det at ein skal ha ei fritid også. Det er ikkje sunt å berre ha fokus på skule, og heller ikkje berre ha fokus på den sosiale delen av livet.

Vil utvikle skulen

Bygstad har lyst å utvikle skulen. Med seg inn i rektorstolen har ho masterutdanning i skuleleiing, noko ho håpar vil vere til hjelp for å få til utvikling.

- Trur du det blir vanskeleg å utvikle skulen?
- Det kan bli utfordringar, men lærargruppa er veldig oppegåande. Når dei ser nytte i klasserommet, det som ein jobba med, trur eg ikkje det blir vanskeleg. Men vi må jobbe med utvikling som læraren og eleven ser igjen i klasserommet, og kjenner nytteverdien av.

Som rektor er Bygstad opptatt av elevane og skulen sitt oppdrag

Det er først og fremst viktig å sørge for at elevane som går her får ei opplæring i tråd med det samfunnet treng, og i tråd med dei forventingane som er stilt til oss som skule, seier ho.

Ikkje arbeidslaus

Om arbeidsmengda i den nye stillinga, er rektor ikkje redd for å bli arbeidsledig med det første:

- Det er mykje å sette seg inn i, og eg merkar at trykket kjem meir og meir etterkvart som ein kjem inn i nye oppgåver.

Privat har Bygstad to vaksne jenter på 20 og 22 år, er gift og bur i Førde. Frå tidlegare har ho helsefagleg bakgrunn.

- Som person er eg er jo prega av haldningar og veremåte eg har fått tileigna meg gjennom jobben som sjukepleiar, og etter kvart som lærar - seier Bygstad.

Russetid

For skulen sine avgangselevar er det kanskje interessant å vite kva den nye rektoren meiner om russetida:

- Russetida ja, eg tenkjer den skal vere ei fin oppleving for elevane, som avslutning på den vidaregåande skulen. Men ein må samstundes vere bevisst på at ein ikkje er komen i mål med skulen og eksamen, avsluttar Bygstad.

Intervju: Tobias Dyregrov

Redigering og foto: Ole Johnny Devik

Tips ein ven Skriv ut