Sogndal vidaregåande skule/Hafstad vidaregåande skule
Karusellfoto mobbing

Nye reglar om elevane sitt skulemiljø

Frå 1. august 2017 er det vedteke eit nytt regelverk om skulemiljø. Alle elevar har rett til å ha eit trygt og godt skulemiljø som fremmar helse, trivsel og læring. Det er elevane si eiga oppleving av korleis dei har det på skolen, som er avgjerande.

Skulen skal sørgje for at elevane har det trygt og godt på skolen
Alle som jobbar på skulen, skal følgje med på at elevane har det bra. 

Dersom ein vaksen veit om – eller trur – at ein elev blir mobba, plaga, eller på andre måtar ikkje har det bra, skal ho eller han alltid
• gripe inn og stoppe krenkinga med ein gong, dersom det er mogleg

• seie frå til rektor

• undersøkje det som har skjedd

Rektor har ansvar for å lage ein plan og setje inn tiltak for at eleven igjen får det trygt og godt på skulen. Dette blir kalla for skulen si aktivitetsplikt.

Her kan du lese heile skrivet frå Utdanningsdepartementet om nytt regelver - nulltoleranse mot mobbing.

Tips ein ven Skriv ut