Sogndal vidaregåande skule
Sara, rektor Ole Jørgen og Hanna pynta og klare for middag med Dronninga.

Dronningbesøk på timeplanen

11. oktober 2017

Elevane Sara Lysgård og Hanna Fredheim fekk ein skuledag utanom det vanlege då dei, saman med rektor Ole Jørgen Øygarden tok turen til Fjaler på United World College. Torsdag 21. september vart UWC-dagen markert ved skulen, og deltakarar møtte opp frå heile verda. Dronning Sonja var ein av gjestene denne dagen, då ho besøkte skulen for 10. gong. 

Bre_framside

Med Idrettsfag på breen

11. oktober 2017

-Utruleg artig å få klassekameratane fram her i dalen på ein slik dag. Det er jo kjekt å få vist fram plassen ein kjem frå. Spesielt kjekt er det sidan me hadde mykje teori rundt brear og landskapsforming i geografiundervisninga i fjor, og no får heile gjengen sett på det i praksis gjennom å ferdast i dette landskapet, seier Aina Kvam som no er elev i 3IDA og har vakse opp i Jostedalen. 

Opning av nytt skuleår - elevar på tribunen

Bry deg – ver inkluderande – gje støtte

21. august 2017

Skuleåret 2017/18 på Sogndal vgs vart måndag opna av skulen sin nye rektor Ole Jørgen Øygarden. I opningstalen til dei nærmare 800 elevane framheva rektor ideala i MOT-kampanjen, der eit godt sosialt miljø er ein grunnpilar for å oppnå god læring og få elevane til å blomstra. Sogndal vgs er ein skule med gode resultat og høg elevgjennomføring. Det er like viktig at de som elevar har ein trygg og god skulekvardag der alle får utvikla seg sa rektor. Han ba alle sei frå mot eikvar form for mobbing – ikkje minst den som kan skje på sosiale media.

Informasjon om lanekassen_1024x768

Informasjon til elevar frå lånekassen

23. juni 2017

Elever som har fått skuleplass og har takka ja til den, kan søke om støtte no. Dei fleste elevar i vidaregåande skule får tilbod om skuleplass i juli. Lærlingar kan søke når dei har fått godkjent lærekontrakt. Elever som står på venteliste kan søke 1. august. Elever som ikkje kom inn på første inntaket må vente med å søke til 1. august, og helst til dei er sikre på kva skule dei skal gå på. Da slepp dei å søke på nytt dersom dei ombestemmer seg. Viss ein elev sender inn fleire søknader, kan sakshandsaminga ta lengre tid.

UMK-2017_2MKA

Focus UB med 8 timar direktesending på NRK – Nett TV frå UKM

19. april 2017

Det har vanka mykje ros til elevverksemda Focus UB i 2 Media etter Ungdommens Kulturmønstring i Høyanger tidleg i april.

Elevverksemda fekk verkeleg prøvd seg på direktesendt fjernsyn då dei kringkasta alle konsertane på UKM direkte på NRK Sogn og Fjordane – Nett-fjernsyn. 4 konsertar, over 2 timar kvar, ga i alt 8 timar fjernsyn med ungdomskultur frå fylket. Elevane hadde ansvaret for 5 kamera, bilderegi og grafikk på TV-sendinga – samt at programleiarane i Høyanger gjekk på storskjerm i Idrettshallen med bileta frå Focus UB.

Vg2 Helsearbeiderfag i utplassering i London

Vg2 Helsearbeidarfag i utplassering i London

05. april 2017

I vekene 10, 11 og 12 var sju jenter frå Vg2 Helsearbeidarfag i utplassering på forskjellige aldersheimar rundt om i London. Dei budde hjå vertsfamiliar, og elevane vart etter kvart gode på å finne fram i London by.

Programleiarane Magnus Førde og Veronika Vindedal tok publikum gjennom gallaen torsdag kveld. Foto: Jenny Eiken Mo

Heilstøypt festival

26. mars 2017

Dei gripande filmane "Hjartebarn” og “The Letter” stakk begge av med fleire prisar under Sogndal Filmfestival 2017 sin gallakveld i Sogndal Kulturhus i torsdag kveld. Både innsende filmar og sjølve arrangementet var særs heilstøypt i år. Til saman vart det delt ut ni prisar under festivalen. 

CC0 Public Domain

IKT lærling i Sogn og Fjordane fylkeskommune

17. mars 2017

Sogndal vgs er ein av seks skular som søker etter lærling innan IKT-servicefag.

Filmprodusent Einar Loftesnes (t.h.) og fotograf Jakob Ingimundarson kjem til Sogndal Filmfestival 2017.

Kjem «heim» til Sogndal Filmfestival

23. februar 2017

Både produsent Einar Loftesnes og fotograf Jakob Ingimundarson kjem «heim» når dei vitjar Sogndal Filmfestival i mars – kvar på sitt vis.