Sogndal vidaregåande skule/Hafstad vidaregåande skule
Death Trip 3

2MKA finalistar i DeathTrip!

21. april 2018

2MKA ved Hafstad vgs har blitt plukka ut som ein av ti skular, som får delta i finalen til DeathTrip! Nesten 100 klassar har vore påmelde frå heile landet. DeathTrip er ein landsdekkande konkurranse der elevar frå vidaregåande skular blir engasjert til å utforme haldningskampanjar mot ruskøyring. 

01 Praktikant frå Nederland

Praksiseleven frå Nederland

24. mars 2018

I veke 10 og 11 fekk KDA-linja besøk av ein student frå Nederland som gjerne ville sjå korleis det var å vere kunstlærar i Norge. Tamara Van Lieshout var inne og observerte på alle tre årstrinn, og hadde eit eige opplegg i 1KDA. (Trykk på tittelen for å få fram meir info, og bilete til saka)

Utdanningsval våren 2018 – KDA2

Utdanningsval ved Hafstad vgs 12.-13. mars

19. mars 2018

I veke 11 hadde vi besøk av rundt 140 hospitantar under utdanningsval på Hafstad vgs. Hospitantane fekk informasjon, deltok på ulike aktivitetar, og fekk også prøve ut korleis det er å vere elev på dei tre programområda - studiespesialisering, kunst, design og arkitektur, og medium og kommunikasjon. (Klikk på tittelen for å få opp foto frå dagane)

Kommunevåpen 3

Teiknekonkurranse kommunevåpen

20. mars 2018

Kommunane Gaular, Naustdal, Jølster og Førde vert Sunnfjord kommune frå 1. januar 2020. No startar arbeidet med å utforme kommunevåpenet til den nye kommunen. Vi inviterer derfor alle som har idear til å sende inn forslag innan 1.mai 2018. Saman med teikninga skriv du ei kort skildring av idéen bak kommunevåpenet du har laga. (klikk på tittelen for meir informasjon)

Haftstad vgs, vårfoto - Mona Fossdal

Utlyste stillingar ved Hafstad vgs

26. mars 2018

Utlysing av fleire ledige stillingar ved Hafstad vgs frå 1. august (søknadsfrist 4. april). Gå inn på fylkeskommunen si nettside for meir informasjon, og for å søkje digitalt på stillingane (klikk på tittelen)

Kalenderfoto Paris entreprenørskap a

Elevar får ei unik reiseoppleving

01. mars 2018

FØRDE: Ikkje mange elevar får reise på studietur til utlandet lenger, men for tredje gong skal medieelevar på Hafstad vidaregåande skule få gleda av å krysse landegrenser i skuletida. Denne gongen går turen til Frankrike og Paris, der dei skal besøke samarbeidsskulen Lycée Richelieu.

Påske 2018

God påske!

23. mars 2018

Vi ønskjer alle elevar og tilsette ved Hafstad vgs ei riktig god påske! Velkommen tilbake til første skuledag etter påskeferien - tysdag 3. april.

We want YOU

Ønskjer DU jobb på Hafstad vgs?

16. mars 2018

Har du har kompetanse innan foto, design, animasjon eller film? Det er eit vikariat på Hafstad vgs som medielærar på ca. 70-80% frå 3. april til 22. juni. Viss dette verkar interessant, så send ei melding til avd.leiar på Medium og kommunikasjon Mona.Fossdal@sfj.no

Klimakonferanse

Invitasjon til ungdomsseminar om klima

01. mars 2018
Trond Ueland, kommunalsjef i Førde kommune fortel at dei saman med ungdomsråda i dei fem kommunane i SiS, og i samarbeid med Uni Research - vil arrangere eit klimaseminar for ungdom 20. mars 2018. Klimaseminaret er ein del av arbeidet med ein felles plan for klimautslepp i Sunnfjord.
St Sunniva

Måndag 19.03 vert det to framsyningar for VG2 i DKS

14. mars 2018
Merk; spelestad er Viking. Framsyninga heiter Sunniva no og handlar om legenda om St. Sunniva og tema er å vere på flukt.​ Kl. 12.00: 2KDA, 2MKA, 2STA.
Kl. 13.30: 2STB, 2STC, 2STD