www.sogndal.vgs.no

Siste byggetrinn ferdig

Nytt bygg samlar Sogndal vidaregåande skule

Det siste byggetrinnet ved Sogndal vidaregåande skule vart opna 21. august av fylkesordførar Jenny Følling. – Endeleg har vi ei bru mellom ungdommane som har valt ulike retningar innanfor teoretiske og praktiske fag, sa Følling.

Med byggetrinn to er Sogndal vidaregåande skule no ferdigstilt, og elevane kan starte det nye skuleåret på ein samlokalisert skule på Campus Sogndal, Fosshaugane.

– Vi satsar på skulen. Vi har blant dei beste skuleresultata i landet og er best på gjennomføring. Visjonen vår her i Sogndal har vore å samle alle elevane på studiespesialiserande og yrkesfag på Campus Fosshaugane. Her kan alle ungdommane ta del i eit yrande, innovativt og kreativt samarbeid, eit konsept som har vekt merksemd langt utanfor fylkesgrensa, sa fylkesordføraren ved opninga.   

Samarbeidsprosjekt

Prosessen har vore eit samarbeid mellom fylkeskommunen, Høgskulen på Vestlandet, Sogndal kommune og Sogndal Fotball. Det første og største byggesteget stod ferdig i 2011. No er skulen på 3800 kvadratmeter, med haustens nye areal til restaurant- og matfag med moderne storkjøkken, studiespesialisering med naturfaglaboratorium, auditorium, felles personalrom og nye arbeidsplassar til lærarane. I prosjektet ligg også vesentleg teknisk oppgradering av idrettshallen.

– Fylkeskommunen er overtydd om at gode bygg og fysiske omgjevnader med godt inneklima fremmar læring og gode miljø. Difor er det i dag utruleg kjekt å kunne formelt få overlevere eit ferdig og samlokalisert prosjekt her ved Sogndal vidaregåande skule, sa bygge- og eigedomssjef ved Sogn og Fjordane fylkeskommune, Jan Tore Rosenlund.

Må skape inkluderande miljø

– Ein god arena for læring krev at vi klarer å skape eit godt sosialt skulemiljø, og trygge elevar. Her har vi alle eit ansvar, både vi politikarar, skuleleiinga, lærarane og elevane ved skulen, sa Følling.

Ho peika på at det er mange som bur på hybel når dei går på vidaregåande skule, og at høflegheit, respekt og god folkeskikk er verdiar vi må halde høgt. Ein må skape eit inkluderande miljø der elevane har respekt for kvarandre og der det er rom for alle, rom for å vere seg sjølv, og der det er akseptert å vere annleis.

– Det er nok fleire som kjenner på ein klump i magen og er nervøse for det nye livet som ventar når vidaregåande skule tek til. Ta godt vare på kvarandre, og hugs at eit smil kan bryte barrieren, avslutta Jenny Følling.

Les heile talen til fylkesordføraren Jenny Følling.

Les heile talen til bygge- og eigedomssjef Jan Tore Rosenlund.

For meir info

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Tips ein ven Skriv ut