Sogndal vidaregåande skule
Elevrådstyre

Nytt styre i elevrådet

Måndag 7.mai vart det valt nytt elevrådsstyre ved Sogndal vgs. Eirik Sundsøy (leiar), og Ingelin Heen Veum (nestleiar og sekretær), valde å gje stafettpinnen vidare til Inger-Johanne Kaardal frå Lærdal og Hanna Fredheim frå Sogndal. 

Eirik har vore leiar i elevrådsstyre i skuleåret 2017-2018 med god hjelp frå Ingelin og resten av styret. Sistnevnte har og sete i fylkesstyre EO Sogn og Fjordane. Inger-Johanne er valt som organisatorisk nestleiar i EO Sogn og Fjordane kommande skuleår.

 

Dette skuleåret har me bl.a jobba med å endra skulebussruter, tiltak i kantina og orden på skulen og elevundersøkinga. Eirik fortset som styremedlem, det kan komma godt med når resten av styret er heilt nytt.

 

Elevrådsstyre for kommande skuleår 2018-2019 er samansett slik:

Inger-Johanne Kaardal, leiar

Hanna Fredheim, nestleiar

Maria Kalhagen, styremedlem

Tarjei Hamre, styremedlem

Eirik Sundsøy, styremedlem

 

Til hausten skal det veljast  to styremedlemmar til, då frå Vg1. Me takkar for godt samarbeid til det gamle elevrådsstyret, og ynskjer lukke til med elevrådsarbeidet i 2018-2019 til det nye styret!

 

Charlotte
miljøkoordinator

Tips ein ven Skriv ut