www.sogndal.vgs.no

Bilete tatt nedanfrå og opp. Fem tårn med trapp mellom. Foto: Anne Lise Norheim/Halliburton

Foto: Anne Lise Norheim/Halliburton

Olje og gass

Ein stor del av petroleumsproduksjonen i Noreg finn stad utanfor kysten til Sogn og Fjordane. Ein finn fleire oljefelt utanfor kysten vår, nokre av dei meir kjende og største er blant anna Snorre, Statfjord, Gullfaks, Kvitebjørn og Valemon.

Samanlikna med nabofylka er Sogn og Fjordane underrepresentert i olje- og gassnæringa, og det trengst innsats for å betre og å halde på posisjonen. Denne satsinga inngår i verdiskapingsplanen.

Fylkeskommunen tek gjennom petroleumsrådet ansvar for politisk påverknadsarbeid, mens Maritim foreining Sogn og Fjordane har ansvar for å utvikle leverandørnettverket.

Petroleumsrådet er oppretta av fylkestinget og har eit hovudansvar for olje og gass i fylket. Rådet er leia av fylkesordføraren.

Fjord base har ein sentral plass i petroleumsnæringa i Sogn og Fjordane. Lutelandet Offshore posisjonerer seg for rivingsoppdrag. Også i Gulen er det omfattande petroleumsrelatert verksemd.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Audun Erik Sunde
Seniorrådgjevar
audun.erik.sunde@sfj.no
916 45 874

Relaterte lenker