www.sogndal.vgs.no

Eid%2Bvidaregåande%2Bskule%2Bmed%2Bsjøutsikt%2B1024x384 (4)

Ein skule med kultur for læring og næring

Eid vidaregåande skule ligg sentralt i Nordfjord i Eid sentrum. Skulen er samlokalisert med Operahuset Nordfjord. Skulen har 370 elevplassar fordelt på 20 grupper innan utdanningsprogram for studiespesialisering, design og handverk, elektrofag og teknikk og industriell produksjon. I tillegg har skulen ei innføringsklasse for minoritetsspråklege elevar.

Totalt har skulen 80 tilsette. Eid vidaregåande er ein aktiv regional utviklingsaktør som samhandlar tett med lokalt arbeidsliv og kulturliv. Utdanningsprogramma ved Eid vidaregåande skule utfyller kvarandre og aktiviteten i Operahuset Nordfjord godt. Eid vidaregåande skule rekrutterer elevar til bransjar i rivande teknologisk utvikling. 

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker