Sogndal vidaregåande skule
Bilete syner hovudinngangen til Sogndal vidaregåande skule

Torsdag 25. januar frå kl 17-20 inviterer Sogndal vgs til Open Dag

Open dag ved Sogndal vgs

Alle 10.klassingar med føresatte vert invitert til Open Dag. Her vil du kunne få sjå nærare på dei ulike tilboda ved skulen, før du skal velje vidaregåande opplæring. 

Galleri

Gravemaskinsimulator
Gravemaskinsimulator
Rådgjevar Jarle Flo informerer i Trollsalen
Rådgjevar Jarle Flo informerer i Trollsalen
Utstilling Open dag 2017
Utstilling Open dag 2017
Simulator tunge køyrety - yrkessjåfør
Simulator tunge køyrety - yrkessjåfør
Stand frå Open Dag januar 2017
Stand frå Open Dag januar 2017

Program:

  • Felles informasjon om dei ulike utdanningsprogramma i Trollsalen (auditoriet ved inngangen) med følgjande elevinndeling:

kl 17.15: Leikanger, Sogndal, Kaupanger, Hafslo

kl 18.30: Aurland, Lærdal, Luster, Vik og andre

  • Presentasjon av dei ulike tilboda på skulen og møte med lærarar og elevar på dei ulike utdanningsprogramma, samt opplæringskontora for dei ulike faga
  • Årdal vgs presenterer sine fylkesdekkande tilbod
  • Omvising på dei ulike avdelingane og verkstadane

Målgruppa er særleg elevar i 10.klasse i regionen – med foreldre – men alle som vil sjå skulen og få informasjon om skuletilbodet er velkomne.

 

Vel møtt

rektor

 

Tips ein ven Skriv ut