Sogndal vidaregåande skule
Inngangsparti til Sogndal vgs

Inngangsparti til Sogndal vgs (Foto: Focus UB)

Open dag ved Sogndal vidaregåande skule

Me inviterer til open dag torsdag 26. januar frå kl 17-20.

Program:

  • Felles informasjon om dei ulike utdanningsprogramma i Trollsalen (auditoriet ved inngangen) med følgjande elevinndeling:
    - kl 17.15: Leikanger, Sogndal, Kaupanger, Hafslo
    - kl 18.30: Aurland, Lærdal, Luster, Vik og andre

  • Kort presentasjon frå opplæringskontora kl 18.00 i Trollsalen

  • Presentasjon av dei ulike tilboda på skulen og møte med lærarar og elevar på dei ulike utdanningsprogramma, samt opplæringskontora for dei ulike faga

  • Årdal vgs presenterer sine fylkesdekkande tilbod

  • Omvising på dei ulike avdelingane og verkstadane

Målgruppa er særleg elevar i 10.klasse i regionen – med foreldre – men alle som vil sjå skulen og få informasjon om skuletilbodet er velkomne.

Vel møtt!

Rektor

Sogndal vidaregåande skule vil frå neste skuleår tilby utdanningsprogramma Bygg- og Anlegg,  Elektro, Helse- og oppvekst, Idrett, Medier- og kommunikasjon, Restaurant- og matfag, Service og samferdsel, Studiespesialisering og Teknikk- og industriell produksjon. I tillegg tilbyr skulen landslinje innanfor yrkessjåførfaget og innføringsgruppe for minoritetsspråklege.

 

 

Tips ein ven Skriv ut