Sogndal vidaregåande skule»Elev og føresett»Elevtenester»Støtte og rådgjeving»Oppfølgingstenesta (OT)

Oppfølgingstenesta (OT)

Oppfølgingstenesta er for deg som:

  • Ikkje har søkt skule- eller læreplass i vidaregåande opplæring
  • Ikkje tek imot skule-eller læreplass
  • Ikkje er i varig arbeid
  • Sluttar på skulen i løpet av skuleåret, eller avbryt lærekontrakt

Kva kan Oppfølgingstenesta gjera for DEG?

I samarbeid med vidaregåande skular og NAV (Arbeids- og velferdsforvaltningen) kan OT gi råd om opplæring/arbeid. OT-koordinator har kontor i 3. etasje i tilknyting til ekspedisjonen.

OT kan mellom anna hjelpa deg med:

  • Praksisplass
  • Ordinær skuleplass
  • Deltidsplass
  • Plass på ulike kurs
  • Kombinasjon skule/arbeid

HUGS du må, til vanleg, ta ut retten din til vidaregåande opplæring i løpet av 5 år etter grunnskulen. I visse høve kan ein søkje om unntak frå denne regelen.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

JudithUlstein.jpg

Judith Ulstein
OT-koordinator
57 67 64 23 / 454 59 935
judith.ulstein@sfj.no