www.sogndal.vgs.no

Ingressbilete Hafstad glaskunst X3

PP-tenesta

PP-tenesta (pedagogisk-psykologisk teneste) er eit tilbod til deg som er elev i vidaregåande skule. Tenesta gir råd og rettleiing til elevar, foreldre og skule når det gjeld fagvanskar, konsentrasjonsvanskar eller ved tilrettelegging av opplæringa.

Tenesta kan vere ein samarbeidspart for å førebyggje og rette opp mistrivsel på skulen, og dei kan yte hjelp overfor elevar med psykososiale utfordringar.

Tilsette i PP-tenesta har teieplikt og gir hjelp berre dersom eleven samtykkjer i det.

Kontaktperson for PP-tenesta er Rebekka Wilhelmsen Solheim, og ho er på skulen tysdagar 0800-1500. Mellom 1200 og 1500 har ho opa kontortid for lærarar og elevar. Ho har e-postadressa rws@forde.kommune.no.

Jan Hansen er skulepsykolog og har kontortid torsdagar 0830-1400. Han har e-postadressa jan.kare.tybring.hansen@forde.kommune.no

I kontortida kan PPT kontaktast på tlf. 57637581. Utanom kontortid kan dei kontaktast på tlf. 57829300.

Tips ein ven Skriv ut