Sogndal vidaregåande skule/Hafstad vidaregåande skule
01 A Krus, designa av 2mka

Plakatar og krus med skulens visjon

VG2-klassen på medium og kommunikasjon har dette skuleåret utforma design til krus og til plakatar. Elevane har jobba med oppgåva i mediedesignfaget. Hovudbodskapen i designet er Hafstad vgs sin visjon og verdiar, og elevane har tatt utgangspunkt i ein hjarteform i designet. Plakatane blir å sjå rundt i skulebygningen på Hafstad vgs. Klikk på tittelen for å få fram fleire bilete.

Det flotte designet til dei tre ulike krusa har Linda Bruaas Skilbrei, Trygve Sæten Nilsen og Sivert Rygg i 2mka æra for. Under her ser vi plakatar med skulens visjon og verdiar.

01 Plakatar med skulen sin visjon og verdiar, av 2mka.jpg

Tips ein ven Skriv ut