Foto som syner ei sandstrond i motlys. Sola er på veg ned, men har framleis eit stykke att før ho treff havet.

Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Planar under arbeid

Her finn du informasjon om kva regionale planar fylkeskommunen jobbar med no, og når desse skal vedtakast.

Regional plan for kultur

Regional plan for kultur skal gjelde for perioden 2019–2022 og er forankra i Regional planstrategi. Målet er å vedta planen hausten 2018.

Fylkesutvalet vedtok planprogrammet for regional plan for kultur i januar 2018.

Meir informasjon om Regional plan for kultur finn du her.

Regional plan for klimaomstilling

Planprogrammet for den regionale planen for klimaomstilling vart vedteke i januar 2017. Sjølve planen vil bli vedteken i første halvdel av 2018.

Klimaplanen skal i hovudsak konsentrere seg om desse sju temaa:

  • Energiforsyning og energibruk i bygg
  • Areal og transport
  • Næringsliv og teknologi
  • Klimavenleg landbruk
  • Klimatilpassing
  • Forbruk
  • Klimakunnskap og klimakommunikasjon

Du kan lese meir om Regional plan for klimaomstilling her.

Andre dokument

Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområder. Presentasjon av Miljødirektoratet si satsing fram mot 2018.

Strategisk plan for kysten

Fylkeskommunen sin oppstart av strategiarbeidet med prosjektleiar innleigd frå Norconsult skjedde 6. april 2017. Planarbeid som er sett i gang er utarbeiding av kunnskapsgrunnlag i samsvar med vedteke planprogram, samt organisering og gjennomføring av medverknad.

Vedteke planprogram legg føringar for strategiarbeidet. Det er lagt opp til brei medverknad med kommunane og fagmiljøa gjennom dialog med ei referansegruppe og ei strategigruppe. Grovt sett vert referansegruppa mest involvert i kunnskapsinnhentinga som går fram til og med oktober. Deretter vil strategigruppa, saman med planutval og fylkesutval verte mest involvert fram til jul og bli nytta til utforming av strategiar og handlingsprogram.

Vedteke planprogram for Strategisk plan for kysten 2018 - 2029 for Sogn og Fjordane

Den 20. oktober 2017 hadde referanse og strategigruppa møte i Florø. Før møtet blei det sendt ut eit arbeidsdokument som oppsummerte status på kunnskapsgrunnlaget. På møtet kom ein fram til seks moglege strategiområder: arealplanlegging, samferdsle, kompetanse, næringsutvikling, organisering og politikk.

Arbeidsdokument som grunnlag til møte i referansegruppa og strategigruppa 20. oktober.

Oppsummering - møte i strategigruppa og referansegruppa for kyststrategi, Florø 20. oktober 2017

Planutvalet blei dei 22. november (sak 8/17) orientert om status for kunnskapsdelen, og vidare arbeid med strategiar og handlingsdel til strategiane. Arbeidsdokumentet som blei sendt til planutvalet før møtet og protokoll for møtet ligg under. 

Arbeidsdokument - status kunnskapsdel og vidare strategiarbeid

Møteprotokoll frå planutvalet 22. november 2017

Den 8. desember hadde strategi- og referansegruppa eit nytt møte. På møtet arbeidde gruppa vidare med strategiane som vart peika ut på sist møte (20. oktober) og svara på kva strategiar som kan gjere ein forskjell for kysten og kva strategiar som kan handterast i eksisterande planar/satsingar. Ein starta også opp arbeidet med handlingsprogram. 

Førebels samandrag av kunnskap og moglegheiter, 8 desember

Grunnlag for arbeid med strategidokument og handlingsprogram, 8. desember

Presentasjon, 8. desember

Oppsummering - møte med strategi- og referansegruppa, 8. desember

 

Den 31. januar hadde strategigruppa eit nytt møte. Målet var å skape semje om strategiane og kunnskapsgrunnlaget, før dette vert sendt ut på høyring i mars/april.

Førebels kunnskapsgrunnlag, 31. januar 2018

Førebels strategidokument, 31. januar 2018

Presentasjon, 31. januar 2018 

Oppsummering av strategigruppemøtet 31. januar 2018

Nyhendesak frå strategimøtet 31. januar 2018

 

Regional strategisk plan for kysten er på høyring fram til 24. april 2018. Klikk her for meir informasjon og for å sende inn innspel.  

 

Neste møte for strategigruppa blir i mai.Strategisk plan for kysten

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette