Foto som syner finansutvalet i møte i mai 2016.

Politisk organisering

Den politiske organiseringa av Sogn og Fjordane fylkeskommune er forutan fylkestinget og fylkesutvalet, samansett av tre hovudutval og kontrollutvalet.

Fylkestinget er det øvste folkevalde organet i fylkeskommunen, med fylkesordføraren som øvste politiske leiar. Fylkesrådmannen er den øvste administrative leiaren i fylkeskommunen.

Sogn og Fjordane fylkeskommune er styrt etter formannskapsprinsippet. Fylkestinget er det øvste politiske organet, og det fungerer delvis gjennom fylkesutvalet, som svarar til formannskapet i kommunane. Fylkesutvalet førebur saker for og kjem med innstillingar til fylkestinget, men det har òg siste ord (delegert avgjerdsmynde) i ei rekke saker. Fylkestinget kjem saman om lag fire gonger i året, medan fylkesutvalet har møte om lag ein gong i månaden.

Under fylkesutvalet igjen er Sogn og Fjordane fylkeskommune organisert i tre hovudutval, som har ansvar for desse fagområda:

  • Samferdsle
  • Opplæring
  • Næring og kultur

Kontrollutvalet utøver kontroll og tilsyn med den fylkeskommunale forvaltninga på vegner av fylkestinget. Utvalet skal også sjå til at fylkeskommunen har ei forsvarleg revisjonsordning.

Politisk organisering av Sogn og Fjordane fylkeskommune

Trykk på organisasjonskartet for meir informasjon om dei ulike instansane.

Organisering politisk 2015.jpg

 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Jenny Følling
Fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Kristin Rundsveen
Rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Kontaktinfo

Jenny Følling
Fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Åshild Kjelsnes
Fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
Rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713