Sogndal vidaregåande skule/Elev og føresett/Eksamen/Privatist og praksiskandidat

Privatist og praksiskandidat

Treng du studiekompetanse? Kanskje du ønskjer å forbetre karakterar du allereie har frå vidaregåande skule? Du kan melde deg opp som privatist og avlegge eksamen for aktuelle fag.

Kva er ein privatist?

Ein privatist er ein som melder seg til eksamen utan å være elev i faget på oppmeldingstidspunktet. Som privatist får du ikkje standpunktkarakter i faget.

Kva er ein praksiskandidat?

Ein praksiskandidat er ein vaksen som har yrkespraksis, men som manglar den nødvendige teoridelen for å få fag-/sveinebrev. Ved å ta ei teoretisk prøve, kan praksiskandidaten få fag-/sveinebrev.

Privatist i morsmålet ditt?

Du kan ta morsmålet ditt i staden for eller i tillegg til det obligatoriske språket på skulen. Ta kontakt med kontaktlæraren for å få meir informasjon om dette.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Eksamenskontoret
Postboks 524
6803 Førde

eksamenskontoret@sfj.no