www.sogndal.vgs.no

Ordensreglement

Ordensreglement for Eid vidaregåande skule

§ 1. Innleiing

1 Heimel:

Ordensreglementet er heimla i Lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa av 17.07.1998 nr. §§3-7 og 9a Elevane sitt skolemiljø og forskrift til Opplæringslova av 23.06.2006 Fylkeskommunen, som etter lova har ansvar for at kvar vidaregåande skule har eit ordensreglement, har utarbeidd Forskrift til ordensreglementet for dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. Vedteke i Hovudutval for opplæring  i sak 06/07,  og seinare revidert i sak 02/09 og i sak 04/14.

Ordensreglementet for Eid vidaregåande skule vart vedteke i møte i skuleutvalet 26.04.2007 og tek til å gjelde frå 1. august 2007. Ordensreglementet er seinare revidert og godkjent av skuleutvalet 24. april 2009. Siste revisjon vart vedteken av skuleutvalet i møte 27. mai 2014. Desse endringane gjeld frå 1. juli 2014.

2 Føremål:

Utifrå Opplæringslova § 9a har alle elevane rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Ordensreglementet inneheld reglar som tek sikte på å fremje samarbeid, engasjement, trivsel, respekt og medansvar for alle i skulesamfunnet. Det vil seie reglar om kva samversformer vi ønskjer å ha på skulen. Vidare skal reglementet fremje god orden og gode arbeidsvanar og på den måten leggje til rette for god læring.

Ordensreglementet har primært ikkje som mål å disiplinere og kontrollere elevane. Snarare skal det vere eit grunnlag for at ein skal kunne utvikle sosiale ferdigheiter og byggje positive relasjonar mellom alle partane i skulesamfunnet.

3. Verkeområde:

Ordensreglementet gjeld for alle elevar som er i opplæring ved Eid vidaregåande skule, likeeins elevar i vaksenopplæringa, lærlingar, hospitantar og andre når opplæringa går føre seg i skulen sin regi, også utanfor skulen sitt område, t.d. på ekskursjonar.

4. Arbeids- og læringsmiljø:

  1. Eit godt arbeids- og læringsmiljø er grunnlaget for ei god opplæring. Det skal difor leggjast vekt på å utvikle eit godt miljø, med engasjement, aktiv deltaking, gode samarbeidsformer og eit sterkt ønske om å lære. Det er viktig å vise respekt, leggje til rette for medansvar og prøve å hindre at negativ åtferd får utvikle seg i miljøet.
  2. Å utvikle gode arbeidsvanar er viktig, og den positive eleven tar ansvar og er ryddig, punktleg og påliteleg, samstundes som han har god orden i arbeidet sitt.
  3. Alle skal ta ansvar for at det er ryddig og god orden på heile skulen, både ute og inne, slik at skulen framstår som ein triveleg arbeidsplass for alle.
  4. Vi har ansvar for å utvikle positive omgangsformer. Alle pliktar å ta omsyn til andre og å vere høfleg. Mobbing, vald og rasisme, krenkjande ord eller handlingar kan ikkje aksepterast. Å ta eller spreie krenkjande bilete av andre er ikkje tillate, heller ikkje å spreie tekst eller lydfiler som andre opplever som krenkjande.
  5. Det er forbode å bruke tobakk  i skulebygningane og på skuleområdet. Forbodet gjeld heile døgnet.
  6. Det er forbode å bruke tobakk i skuletida.
  7. Bruk eller oppbevaring av rusmiddel er forbode på skulen sitt område. Der er og forbode å vere påverka av rusmiddel i skuletida uavhengig av om undervisninga går føre seg på eller utanfor skulen sitt område.
  8. Det er forbode å ha våpen eller andre farlege gjenstandar som ikkje vert brukt i opplæringa, på skulen sitt område.
  9. Det er ikkje tillate å bruke skulen sitt abonnement på internett til å lese, laste ned eller spreie pornografisk, rasistisk eller anna materiale som kan oppfattast som krenkjande eller som er i strid med norsk lov. Mobiltelefon, MP3-spelar og liknande utstyr skal vere avslått/lydlaust og ikkje liggje framme i opplæringstida.

§ 2. Rettar for elevane

Elevane har

  1. rett til vidaregåande opplæring i samsvar med Opplæringslova og forskrifter, fylkeskommunale vedtak og læreplanar.
  2. rett til medverknad i høve planarbeid, utforming av reglar for skulesamfunnet og val av arbeids-, opplærings- og vurderingsformer.
  3. rett til evaluering etter reglane i kap. 4 i Forskrift til Opplæringslova om Vurdering i vidaregåande skule.
    Som ein del av den individuelle rettleiinga og vurderinga, skal kontaktlærar gjennomføre førebudde elevsamtalar minst kvart halvår. Elevar skal ha både undervegs- og sluttevaluering.
  4. rett til nødvendig rådgjeving i høve
    • spesielle fagvanskar
    • personlege og sosiale vanskar
    • utdanning, yrke og arbeidsmarknad
  5. rett til å ta del i skulevurdering og ta opp med skulen tilhøve av negativ karakter i læringsmiljøet.
  6. rett, men og plikt til å opprette elevråd. Elevrådsrepresentantane skal ha jamnlege møte med skuleleiinga og ha høve til å drive politisk og organisasjonsmessig arbeid på skulen. Skulen skal leggje til rette for best moglege arbeidstilhøve for elevane og elevorganisasjonane sine tillitsvalde.

§ 3. Plikter for elevane

  1. Skulen føreset at elevane deltek aktivt i opplæringa. Det er grunnlaget for god læring.
  2. Elevane pliktar å møte presis til opplæringa og ta aktivt del i opplæringa i den forma ho blir avtalt.
  3. Elevane har plikt til å rette seg etter dei gjeldande reglane i lover, forskrifter og reglement.
  4. Elevane skal følgje gjeldande verne- og sikringsreglar og bruke det arbeidstøyet og verneutstyret som blir kravd i læreplanar eller som er påbode av arbeidstilsynet, departementet eller skulen.
  5. Elevane skal ved skulestart skaffe seg læremiddel, materiell og utstyr til eige bruk som skulen ikkje held.
  6. Skulen sin eigedom og utstyr skal behandlast med varsemd og omtanke. Hærverk og skade kan, i tillegg til reaksjonar etter punkt 6, medføre erstatningsansvar.

§ 4. Ordens- og åtferdskarakter

Kunnskapsløftet fastset at elevane skal ha ein karakter i orden og ein karakter i åtferd. I orden og åtferd skal ein av desse karakterane nyttast:

  1. God (G). Vanleg god orden og vanleg god åtferd.
  2. Nokså god (Ng). Klare avvik frå vanleg orden og frå vanleg åtferd.
  3. Lite god (Lg). I ekstraordinære tilfelle ved store avvik frå vanleg orden og frå vanleg åtferd.

I vurderinga skal ein ta omsyn til eleven sine føresetnader og til vanleg ikkje leggje avgjerande vekt på enkelthendingar. Framgang skal telje positivt, og ved fastsetjinga av standpunktkarakteren skal orden og åtferd siste halvåret utgjere hovudgrunnlaget.

ORDEN
Ved fastsetjing av karakter i orden tek ein omsyn til om eleven viser vanleg god arbeidsinnsats og om han/ho

  • følgjer skulen sine reglar (skulereglementet, reglar for bruk av verkstader, laboratorium og datarom, kantinereglar, reglar for skikk og bruk)
  • møter presis til timar eller andre avtalar, held skulen og skulen sitt område reint og ryddig
  • tek godt vare på alt som tilhøyrer skulen, både inne og ute, og steller pent med skulebøker og anna undervisningsmateriell
  • leverer skriftleg arbeid til avtalt tid
  • gjer ferdig arbeid på verkstader til avtalt tid
  • har med nødvendig utstyr (bøker, kalkulator, treningstøy osb.)
  • skaffar seg nødvendig utstyr og læremiddel jfr. skulen si bokliste
  • melder frå til skulen eller kontaktlærar om ”uventa” fråvær ( t.d. sjukdom)
  • har gyldig fråvær og skriv inn fråvær og grunn til fråvær i Skulearena

ÅTFERD
Ved fastsetjing av karakteren i åtferd tek ein omsyn til korleis eleven ter seg på skuleområdet og elles når skulen har ansvaret for tilsynet med elevane. Ein skal særleg leggje vekt på korleis eleven oppfører seg mot andre elevar, lærarar og tilsette. Ein kan også ta omsyn til korleis elevane ter seg mot kvarandre på skulevegen, og til korleis eleven følgjer skulen sine reglar (skulereglementet, reglar for bruk av verkstader, laboratorium og datarom, reglar for skikk og bruk). Handlingar elevar utfører til skade for skulen sitt omdøme, kan telje negativt inn.

Andre forhold som skal takast med i vurderinga, er om eleven har vore involvert i:

  • løgn, tjuveri, hærverk
  • fusk eller forsøk på fusk på prøver, innleveringar eller på anna arbeid som skal vurderast
    Døme på fusk:
     
    • kommunikasjon med andre under prøver når det ikkje er tillate,
    • kopiering av andre sitt arbeid, innlevert som eige produkt
    • bruk av ikkje tillatne hjelpemiddel

Forskrift til opplæringslova § 4.25 handlar om reaksjonsmåtar ved fusk under eksamen.

  • bråk og uro som verker negativt inn på læringsmiljøet i timane
  • upassande åtferd mot medelevar, lærarar eller andre tilsette
  • manglande respekt for pålegg frå skulen sitt personale
  • ulovleg bruk av mobiltelefon og PC i timane
  • ulovleg speling av musikk i timane
  • brot på skulen sitt forbod mot bruk av røyk, snus, rusmiddel
  • rasistiske utsegner og handlingar
  • seksuell trakassering
  • sjikane på grunn av funksjonshemming, religion eller livssyn

§ 5. FRÅVÆR

Felles fråværsreglar for vgs i Sogn og Fjordane.

 

§ 6. Brot på ordensreglementet

Brot på reglementet kan medføre refsingstiltak mot eleven og føre til nedsett karakter i orden og åtferd. Refsingstiltak kan vere:

  • Munnleg påtale frå ein av dei tilsette på skulen
  • Skriftleg påtale frå faglærar, kontaktlærar eller rektor
  • Utestenging frå klasse/gruppe for resten av timen etter avgjerd teken av faglærar
  • Utestenging frå klasse/gruppe for resten av dagen etter avgjerd teken av avdelingsleiar
  • Bortvising i inntil 5 dagar etter avgjerd teken av rektor
  • Bortvising for resten av skuleåret etter avgjerd teken av fylkesrådmannen
  • Beslag av ulovlege gjenstandar
  • Pålegg om å utføre bestemte oppgåver for å rette opp skadeverk
  • Erstatningsansvar
  • Kontakt med heimen og involvering av føresette
  • Tap av retten til vidaregåande opplæring etter avgjerd teken av Hovudutval for opplæring
  • Melding til politiet

§ 7. Sakshandsaming

Før refsingstiltak vert sett i verk, skal eleven ha hatt høve til å forklare seg munnleg for den som skal ta avgjerda. Denne uttaleretten gjeld alle former for refsingstiltak. Den som tek avgjerd om refsingstiltak, er ansvarleg for å dokumentere sakene. I slike høve er det viktig å overhalde informasjonsplikta overfor foreldre/føresette når eleven ikkje er myndig.
Dei mest alvorlege refsingstiltaka vil innebere at det vert fatta enkeltvedtak etter Forvaltningslova §2, t.d. bortvising for fleire dagar og tap av retten til vidaregåande opplæring. I slike vedtak er det klagerett etter forvaltningslova § 28.

§ 8. Kontakt heim - skule

Skulen skal leggje til rette for eit aktivt samarbeidstilhøve mellom heim og skule. Målet er at foreldre/føresette skal vere godt informerte om innhald i skulen, planverk, metodikk og undervisningsmåtar. Foreldra bør aktivt trekkjast med i utforming av skulereglar. Det vil involvere foreldra sterkare i skulen sitt arbeid, og byggje nye relasjonar mellom heim og skule.
Skulen si heimeside og bruk av eit foreldrerom i Fronter vil vere viktige verktøy i samarbeidet mellom heim og skule. Kontaktlærarane har ei sentral oppgåve i dette arbeidet. Heimen må og informerast om kontakttidene til faglærarane.
Det skal haldast eit foreldremøte årleg for VG1 og VG2. I tillegg skal kontaktlæraren minst ein gong i året ha ein planlagt og strukturert samtale med foreldre/føresette.
Når eleven fyller 18 år, er det ikkje lenger same formelle kravet til kontakt med heimen. Det fritek likevel ikkje skulen for informasjonsansvar – dersom eleven samtykkjer i at skulen tar kontakt.

Elevar/føresette har rett til følgjande informasjon/melding om:

  • termin- og standpunktkarakterar
  • refsingstiltak
  • ekskursjonar
  • klagerett ved karaktersetjing
  • stort fråvær og fare for nedsett karakter i orden og åtferd
  • særlege problem som oppstår hos ein elev
  • særlege tilhøve ved opplæringa som kan ha negativ innverknad på helsa til ein eller fleire elevar

§ 9 EKSKURSJONAR OG STUDIETURAR

Det er frivillig for elevar å delta på lengre ekskursjonar/studieturar, og det skal lagast alternative opplegg for elevar som ikkje ynskjer å delta. Elevar som ikkje er myndige, må ha løyve frå føresette for å kunne delta på turar til utlandet. På ekskursjonar i inn- og utland blir det sett opp eigne reglar og avtalar som byggjer på ordensreglementet (jf. Reglement for utanlandsturar ved Eid vgs). Ved brot på desse reglane kan eleven bli sendt heim på eiga rekning.

Elevane skal normalt ikkje vere ansvarlege for transportoppdrag under ekskursjonar eller andre turar skulen er ansvarleg for.

 

 


§10 BRUK AV DATA OG INTERNETT

Elevane skal kjenne til skulen sine særskilde reglar for bruk av dataromma ved Eid vidaregåande skule. Desse reglane er å finne på skulen si heimeside. I tillegg viser vi til IKT-reglementet for elevar og tilsette i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

§11 ORGANISASJONSARBEID OG POLITISK ARBEID

Etter avtale med rektor kan elev- og ungdomsorganisasjonar, inkludert politiske parti, drive organisasjonsarbeid og politisk aktivitet på skulen, i og utanom skuletida. Aktivitetane skal gjennomførast på tilvist plass, og dei skal ikkje gå ut over undervisninga.

§ 12 SÆRSKILDE TILLEGGSREGLAR VED EID VGS

  • Skikk og bruk ved Eid vidaregåande skule
  • Reglar for bruk av verkstad
  • Reglar for ekskursjonar
  • Reglar for kantine, bibliotek og lesesal
  • Skulen sine handlingsplanar mot rus og mobbing

 

Tips ein ven Skriv ut