Sogndal vidaregåande skule»Opplæringstilbod»Restaurant- og matfag
Elev i arbeid på kjøkken

Foto: Focus UB

Restaurant – og matfag

Har du sans for god mat og god drikke? Er du kreativ og nøyaktig? Har du interesse for kosthold og helse. Er nysgjerrig på smak og nye rettar? Då kan restaurant- og matfag vere noko for deg.

Vi har eit kreativt læringsmiljø med høgt fagleg fokus og god trivsel. Her kan du finne ditt framtidsyrke med fagleg styrke. Når du vel utdanningsprogrammet restaurant- og matfag får du ei allsidig utdanning som kan brukast over heile verda. Du utdannar deg til å kunne arbeide i kreative, spennande og internasjonale miljø. Du bør like å arbeide med mat og vere positivt innstilt til arbeid i eit serviceyrke.

Ved Sogndal vidaregåande skule har vi lange fagtradisjonar og dyktige, engasjerte lærarar som legg vekt på at elevane skal bli gode fagarbeidarar. Restaurant- og matfag ved Sogndal vidaregåande skule har nye og gode praksislokale med godt utstyr.

Restaurant- og matfag er eit yrkesfag, og Sogndal vidaregåande skule tilbyr slike kurs:

Vg1 Restaurant- og matfag
Vg2 Kokk- og servitørfag

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ingunn Weka
Ingunn Weka
Avdelingsleiar
Studiespesialisering
(norsk og språk) /
Restaurant- og matfag
57 67 64 10 / 959 96 947
ingunn.weka@sfj.no