Sogndal vidaregåande skule
Russen sin dag - Bråstopp med Statens Vegvesen

Russen sin dag på Sogndal vgs

Onsdag 25. april arrangerte russen og Sogndal vgs "Russen sin dag". Dette er eit førebyggjande tiltak i samarbeid med m.a Politiet og Statens vegvesen

Me går no inn i russetida, som er ei travel tid med både mykje skulearbeid og russefeiring for avgangselevane ved Sogndal vgs. Russen ved Sogndal vgs  er svært opptekne av å gjennomføre ei trygg og god russefeiring, og gjennomførte onsdag russen sin dag. Her vart Politiet, Statens Vegvesen, SMISO og Røde Kors invitert til å informere om førebyggjande tiltak for å komme gjennom russetida på ein trygg og god måte. 

– Me vil ha eit godt samarbeid med russen, og har gode erfaringar med å møta dei slik, og gje gode råd til dei. For me òg vil at dei skal få ei god russefeiring. Det er hovudmålet vårt, seier Magne Straumstein ved Sogndal lensmannskontor.

Russepresidentane Helene Risnes Wolff (raudruss) og Margrete Molland Breisnes (svartruss) var svært nøgd med dagen, og seier at det viktigaste med russetida er å ha godt samhold, feire at me er ferdig med skulen - og ha det kjekt i lag. 

Dagen vart avslutta med grilling på arbeidstunet. 

Rektor, Ole Jørgen Øygarden var tydeleg i sin apell at me skal ha russen like heile ut av russetida som inn i russetida. Ta vare på kvarandre, bry dykk om kvarandre - og ikkje lat nokon vere på utsida. Lukke til, sa ein stolt rektor!

 

 

Tips ein ven Skriv ut