Sogndal vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Service og samferdsel
Skulen sine trailarar

Foto: Focus UB

Service og samferdsel

Service og samferdsel er ei mangfaldig utdanning - og gjev mange moglegheiter. Du som vel service og samferdsel vil seinare vere den som møter kundane der du arbeider. Du bør difor vere høfleg, imøtekomande og serviceinnstilt, og du må like å ha med andre menneske å gjere. Du må òg kunne vise respekt for ulike kulturar, tradisjonar og etiske normer.

Service og samferdsel ved Sogndal vgs

Service og samferdsel er eit yrkesfag, og Sogndal vidaregåande skule tilbyr følgjande programområde:

Næringslivet og forbrukarane stiller stadig aukande krav til effektiv, sikker og miljøvennleg flytting av menneske, leveranse av varer og tenester. Opplæringa innan Service og samferdsel skal bidra til utvikling av kompetanse som støtter desse krava, til beste for næringslivet, forbrukarane og samfunnet.

Utdanningsprogrammet fører fram til yrke i eit breitt spekter av servicebransjar, frå sal til transport. I desse bransjane står kunnskap om lover og forskrifter sentralt. Det same gjer evne til å analysere kva kundane treng, for dermed å kunne føreslå både tradisjonelle og nye løysingar.

Døme på jobbar tidlegare elevar frå Service og samferdsel har i dag:

  • Eigedomsmeklar
  • Butikksjef
  • Lærling i Norwegian, får prøve flyvert-/inne og skrankejobb i ulike land i Europa
  • Marknadsjobbar i Thon Hotel gruppa
  • Marknadssjef i ulike reislivsbedrifter
  • Marknadssjef og andre marknadsjobbar i ulike salsbedrifter, td. Tine.
  • Butikksjef i ulike butikktypar
  • Resepsjonssjef, -medarbeidar og –lærling
  • Studere marknadsføring i USA
  • Forsvaret – lærling i kontorfaget
  • Pilot, under utdanning no
  • Starta eiga bedrift
  • Vektar
  • Trailersjåfør
  • Lastebilsjåfør
  • Bussjåfør
  • Logistikkarbeidarar
  • Kontorjobbar innan transportbransjen og logistikkbransjen
  • Mange har teke påbygg og utdanna seg til : lærar, førskulelærar, sjukepleiar osb, og dei gir tilbakemelding om at dei har veldig god nytte av kunnskap i service og kundebehandling

 

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Tor Arne Hov
Tor Arne Hov
Opplæringsleiar /
Avdelingsleiar
Service og samferdsel / Yrkessjåfør
57 67 64 03
473 04 400
tor.arne.hov@sfj.no