Sogndal vidaregåande skule»Elev og føresett»Elevmedverknad»Skulemiljøutval
Skulemiljøutvalet 2016-2017

Skulemiljøutvalet 2016-2017

Skulemiljøutval

Skulemiljøutvalet 2016/17

Silje Holm Carlsen 2mka: siljeholmcarlsen@gmail.com
Eirik Sundsøy 1mka: eiriksundsoy@hotmail.com
Amanda Mørkrid Bronnes 2bua: amandabronnes1@gmail.com
Beate Fondenes Vangsnes 3ida: beatevangsnes@icloud.com
Ådne Fardal Norheim 2bya: nordal99@hotmail.com

Skulemiljøutvalet ved Sogndal vgs fungerer og som skuleutval, kantineutval og folkehelsegruppe.

Skulemiljøutvalet ved Sogndal vgs har følgjande samansetning

  • 5 elevrepresentantar
  • 2 representantar frå dei tilsette
  • 2 representantar frå skuleleiinga

Elevrepresentantane skal vere i fleirtal i utvalet. Dei skal fremje saker som vedkjem elevane sitt fysiske og psykososiale miljø, og vere med og gje råd og innspel i saker som skuleleiinga skal ta avgjerd i.

Elevrådet og rektor melder saker til Skulemiljøutvalet. Eksempel på saker er ordensreglementet, trivselstiltak, organisering av skulekvardagen, oppfølging av elevundersøkinga, arbeid for eit betre fysisk og psykososialt læringsmiljø. Skulemiljøutvalet kan melde saker til skuleutvalet, og folkehelsegruppa.

Skulemiljøutvalet skal haldast løpande underretta om alle tilhøva som har vesentleg betydning for skulemiljøet, mellom anna hendingar, planar og vedtak. Utvalet har på førespurnad rett til å få lagt fram dokumentasjon for det systematiske helse-, miljø- og tryggleiksarbeidet ved skulen.

Skulemiljøutvalet skal så tidleg som mogleg takast med i planlegginga og gjennomføringa av miljøtiltak ved den enkelte skulen, og har rett til å uttale seg og komme med framlegg i alle saker som har betydning for skulemiljøet.

Dersom skulen blir klar over tilhøve ved skulemiljøet som kan ha negativ verknad for helsa til elevane, skal elevane og dei føresette varslast snarast mogleg.
(Opplæringslova § 9a-6)

Skuleutvalet

  • Styringsorgan for den vidaregåande skulen
  • Består av representantar frå dei tilsette og fylkeskommunen, rektor og elevrepresentantar vald av elevrådet.
  • Utvalet har rett til å uttale seg ved alle saker som gjeld skulen.

LAMU - Lokalt arbeidsmiljøutval

LAMU skal mellom anna handsame:

  • spørsmål som vedkjem HMT-gruppa og den interne vernetenesta
  • spørsmål om opplæring, introduksjon og opplysningsverksemd som angår arbeidsmiljøet
  • planar som krev arbeidstilsynet sitt samtykke i medhald av AML §18-9
  • planar som kan få betydning for arbeidsmiljøet, t.d planar om byggearbeid, innkjøp av maskiner, rasjonalisering, endring av arbeidsprosessar og førebyggjande vernetiltak
  • budsjettering
  • omgjering av stillingar
  • etablering og vedlikehald av internkontrollsystem, m.a handsaming av rapportar frå vernerundar
  • handlingsplanar for institusjonen

Elevrepresentantar LAMU 2016/17

Ådne Fardal Norheim 2bya nordal99@hotmail.com

Simen Osland Romstad 3std simrom15@skule.sfj.no

LAMU_2016-2017.JPG

Tips ein ven Skriv ut