www.sogndal.vgs.no

XX3 copy

Skulemiljøutval

Skulemiljøutvalet skal medverke til at skulen, dei tilsette og elevane tar aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skulemiljø.

Skulemiljøutvalet ved Hafstad vidaregåande skule har følgjande samansetning:

  • 4 elevrepresentantar
  • 2 representantar frå dei tilsette
  • rektor

Elevrepresentantane skal vere i fleirtal i utvalet. Dei skal fremje saker som vedkjem elevane sitt fysiske og psykososiale miljø, og vere med og gje råd og innspel i saker som skuleleiinga skal ta avgjerd i.

Elevrådet og rektor melder saker til skulemiljøutvalet. Eksempel på saker er organisering av skulekvardagen, open skule, ulike arrangement, oppfølging av elevundersøkinga etc. Skulemiljøutvalet kan melde saker til skuleutvalet og folkehelsegruppa.

Handlingsplan for trivsel og godt læringsmiljø ved Hafstad vidaregåande skule

Eit godt læringsmiljø er ein rett elevane har og ein føresetnad for god læring. På Utdanningsdirektoratet sine sider finn du artiklar, filmar og nyttige verktøy for utvikling av eit læringsmiljø som fremjar helse, trivsel og læring for elevane. Innhaldet er meint som støtte og inspirasjon til eit systematisk og heilskapleg arbeid med læringsmiljø.

http://www.udir.no/Laringsmiljo/Fem-grunnleggende-forhold/1-Larerens-evne-til-a-lede-klasser-og-undervisningsforlop/

Overordna mål

Å auke tryggleik og trivsel og skape eit godt læringsmiljø som er fritt for mobbing, rasisme, vald og rusmisbruk

Delmål

Å legge til rette for auka kunnskap og personleg utvikling  hjå eleven

Å inspirere elevane til å ta aktivt del i opplæring og miljøskapande arbeid

Å skape og vedlikehalde gode tilhøve mellom lærarar/andre tilsette ved skulen og elevar og elevane i mellom, i og utanfor opplæringssituasjonen

Å arbeide for at lærarar og elevar viser kvarandre gjensidig merksemd, toleranse og respekt,  og utviklar gode rutinar for å førebygge og å handsame problem

Å gjennomføre ei løpande vurdering av skulemiljøet for å finne ut korleis stoda er i dei einskilde klassane med omsyn til trivsel, tryggleik og læringsmiljø

Å oppdage mobbing, vald og rasisme så tidleg som mogeleg, og setja i gang tiltak når slik åtferd blir avdekka.

Å skape eit skulemiljø der alle tek ansvar for at det er ryddig, ordentleg og triveleg

Å skape skuleidentitet

Tiltak og ansvar

Tiltak 1

Her finn du ein større versjon med oversikta over tiltak og ansvar

Tips ein ven Skriv ut