Sogndal vidaregåande skule/Hafstad vidaregåande skule/Om oss/Prosjekt og satsingar/Skulevandring
Ingressbilete Hafstad vgs svart kvitt m tekst F

Utviklingsprosjektet "Skulevandring"

Hausten 2015 starta vi opp med «Skulevandring» som eit utviklingsprosjekt ved Hafstad vgs. Utgangspunktet for prosjektet, var eit politisk vedtak som blei gjort i Hovudutvalet for Opplæring – om at alle skulane i Sogn og fjordane skal gjennomføre Skulevandring.

For å få ei kollektiv forståing for utviklingsarbeidet, så blei Torill Scharning Lund invitert til å besøke skulen på ein av planleggingsdagane hausten 2015. Lund er bl.a. leiar av Skien Pedagogiske Senter, og har frå 2004 vore med på å utvikle og implementere leiarverktøyet Skulevandring i Skien kommune.

Målsettinga for skulevandringa ved Hafstad vgs. vil vere å oppnå ein tettare kontakt mellom leiinga og lærarane, og få eit betre læringsmiljø for elevane. Vi har eit mål om at skulevandring skal hjelpe oss til å utvikle oss som leiarar og lærarar, rette større merksemd mot det som er skulen si kjerneverksemd, nemleg undervisning og samhandling mellom lærar og elev. Vi ønskjer å få gode diskusjonar både mellom leiar og lærar, men også i kollegiet om undervisning, læring og elevane si utvikling.

Skulevandring er meint å bli innført som eit «evigvarande prosjekt», som kan utviklast og forbetrast år for år.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Inger Karin 5.jpg

Inger Karin Oppedal

Pedagogisk leiar

inger.karin.oppedal@sfj.no

57 63 75 07 / 415 30 876